![]() |
| Silas og eg i farten |
![]() |
| I Parken |
![]() |
| David og eg køyrer "bånn gass" |
![]() |
| Silas og eg i farten |
![]() |
| I Parken |
![]() |
| David og eg køyrer "bånn gass" |
![]() | ||||||
| Mika og meg i ein park |
![]() |
| Første og siste bildet med dei brillene:) |
![]() |
| Gøy og rutsje med Peter |
![]() |
| Pappa vart litt nervøs når eg kasta denne.. |
![]() |
| Fantastisk plass. Legg merke til kakene, dei er gode.. |
![]() |
| Epler og pærer med tante Anna |
![]() |
| Eg liker å legga saman klær |
![]() |
| Mamma og eg på ridetur. Det var kjekt. |
![]() | |
| Morfar kviler og eg sjekker om han søv |
Dei av dokke som følger litt med i kva som skjer i NLM, veit at me nylig har fått ein ny sjef i organisasjonen. Han heiter Øyvind Åsland og var på besøk hos oss når me budde i Juliaca. Eg tenker at det er viktig å ha gode kontakter, og eg synes me fekk ein god dialog. Han som var sjef før Øyvind, heiter Ola Tulluan. Han synes eg og at eg fekk eit nært og godt forhold til. Det kan vera ein fordel å kjenna toppane av og til, og det har eg tenkt å utnytta så godt eg kan.
Sist veka var eg nokre dagar på haustferie på kysten. Det var veldig kjekt. Ein kjekk mann som heiter Tom Georg, fant på noko lurt. Det var å kjøpa drage til meg og dei andre ungane.
Eg held på å trena på å køyra 3-hjuls-sykkel, men eg liker best viss mamma eller pappa er motor
Mika og eg har pynta oss for å gå på klubb
Dette er Katrine og meg
Eg prøver å læra dokka til å smila på bilder
Her er me i gang med litt trening
Her er rommet mitt
Då er kvardagen i gang igjen, og det liker eg godt. Eg har fått ny dama som trener med meg, skal prøva å få tatt eit bilde av hu ein dag. I dag kjem eg ikkje på så mykje å fortella, men eg tenkte eg skulle legga ut eit par bilder. Dei store brødrene mine liker godt å ri, og ein dag eg var med ut der det er hestar. Då fann eg ut at måtte prøva ein ridetur eg og. Det var litt skummelt, men det var kjekt og.
I kveld hadde me pizza-rester til kvelds, og eg trengte hjelp til blåsa på den, for den var varm. Mamma tilbaud seg å blåsa, men eg meinte pappa var best til det. Når mamma spurte kvifor ikkje hu kunne blåsa sa eg: Pappa er skatten min! Då lo dei, så eg trur eg er ganske løyen.

Kom i mine armer..
Fin utsikt ved frukostbordet
Dette blikket pleier å hjelpa viss pappa ikkje vil bera meg
Jippi
Bading er livet
Ska det vera eit krokodilleegg til frukost?
Eg trille ball med David
Eg har sett litt på fotball-VM, trur det var sånn dei gjorde..
Homm, det betyr kom i mine armer, det er deg som eg har kjær
Eg var fornøgd når eg hadde vore hos frisøren, og det hadde eg grunn til
Ha det bra, Randi, eg sakne deg allerede...
Heldigvis har eg nokre brødre eg kan kosa meg med, når andre reiser
Avskjedsfrukost med 3xMulelid og Markus
Ein siste natta-kos til Andrea
Nutella er godt, uansett kva pappa seier
Nå har eg flytta frå Juliaca og ned ca 1400 meter, så nå bur eg bare 2400 m.o.h i ein by som heiter Arequipa. Det er ganske varmt og godt her, sjølv om det er vinter.
Sjølve flyttinga gjekk greit, eg er ikkje så nøye på kor eg bur, men eg liker å ha kjekke folk rundt meg. Det som er litt dumt akkurat nå, er at mange folk som eg har prøvt å bygga opp eit godt forhold til, reiser frå meg. Det liker eg ikkje.
Når folk reiser, treng eg noko å kosa meg med. For ei stund sidan reiste mamma og David på tur til Chile. Då fann eg ut at eg kunne trenga litt snadder, så eg fann Nutella-glaset og forsynte meg rikelig av det. Pappa var ikkje så begeistra, han snakka om at eg ikkje burde grapsa når eg var ny-bada. Men for meg er ikkje Nutella graps, snarare tvert imot.
Takk for alt kjekt me har funne på saman, Andrea, Sander, John Henrik, Randi og Robert(potet). Eg er glad dokke vart kjent med meg. Og så har eg lyst til å takka Birgitte som har vore veldig kjekk å trena med den siste tida eg budde i Juliaca. Dokke andre har eg ikkje vore så mykje saman med, men Ingrid har vore kjekk å leika med. Håper dokke får det fint i Norge. Plutselig kjem eg på besøk.