Friday, December 23, 2011

God Jul!

Hei og hå, nå e det jul! Eg e hos Besten og Bestå på Fogn, og glede meg veldig til å gå rundt juletre. Denne veka fekk me ein dag med snø, og eg fekk prøva å aka. Det var veldig kjekt, men dagen etter var snøen vekke. Då vart Mika så frustrert at han tok rattkjelken og drog avgårde på bare asfalten.

Då trur eg bare eg vil ønska dokke alle ei flott jul.

Monday, December 05, 2011

Tannlaus

Eg har forandra meg litt sidan sist, eg har nemlig mista to tenner. Eg var hos tannlegen for ei stund sidan, men då må eg innrømma at eg var noko skeptisk til at ei framand dame skulle stappa eit speil inni munnen min! Når pappa vart med oppi denne kjørbare stolen fekk hu til nøds lov til å tella tennene mine. Men ikkje sei noko til hu om at eg har mista tenner, for då blir eg plutselig kalla inn til ny tann-telling..


Ellers har eg funne ut at det kan vera veldig godt å stå litt tidlig opp, og få litt tid for seg sjølv. Då pleier eg ofte å finna fram litt snadder, å sitta å fundera litt over livet.

Tuesday, October 25, 2011

Nye briller

Rekner med ein heil del av dykk er veldig spent på korleis eg tar meg ut i mine nye briller! Her kan dokke sjå. Eg er så fornøgd at eg beheld brillene på nesten heile dagen.

Mika og eg ville gjerne synga ein sang for dykk og, så de kan ha noko å kosa dykk med på mørke haustkveldar.

Thursday, October 13, 2011

Haustferie

Sauer er morsomme dyr

Veren var svolten.
Nå er eg på Fogn på haustferie, og det er ein spennande plass. Eg har leika, kjørt traktor med onkel og gått på tur med Bestå.
Noko som eg synest var veldig kjekt, var å vera i sauhuset. Eg var med å ga mat til verane, og eg syntes me fann tonen.
Ellers så har eg bestilt nye briller, så får me håpa at det er nokon som sit godt på hodet mitt:)

Saturday, October 01, 2011

Her er eg igjen

Olav er ein kjekk kar. IPADen hans var og kjekk. Sånn ein trur eg at eg MÅ ha!
 Ja, vel, det går litt langt mellom blogginnlegga for tida, men eg er litt travelt opptatt for tida. Eg går på skule, gjer lekser, er med i kor og barnelag, og prøver å prioritera å få sjå litt på film og TV, så tida går. Men eg rekner med ein del av dykk har litt abstinenser etter å sjå mitt blide åsyn, så eg skal legga ut nokre bilde av meg:)
Eg vurderer sjukepleiar-yrket. Robert-Potet trengte litt kjærlig pleie, og han vart god..

Mika er ein lystig bror, her tar me oss eit spel.

Ut på tur, aldri sur.

Heime igjen etter ein tur på sjukehus, då var eg i form!

Friday, June 24, 2011

Fart og spenning

Peter og eg bader

Denne var me på tur i

Det var topp!

Eg koser med ein slange

Sjiraffen likte eg og godt
Då har eg reist frå Peru, og er på ferie i Florida. Her har eg kosa meg med litt av kvart. Eg har bada på stranda, i ein utrulig varm sjø, og uten dei store bølgene som eg er van med i Peru. Ein dag var me å såg på krokodillar og slangar, det var spennande. Me har vore i dyrehage, det eg likte best var apekattar. Eg såg på ein som hadde baby, og då måtte dei nesten bæra meg vekk når dei andre ville gå. Den var så søøte!
Noko anna som eg syntes var både løye og gøy, var å kjøra racerbåt.
I dag har me vore i SeaWorld og sett på delfinar og spekkhoggerar. Eg vart ganske fornærma når den spekkhoggaren skvetta vatn på meg, det var ikkje fint gjort.

Thursday, June 09, 2011

Eit par bilder

Sist helg var me på tur nesten heile den norske gjengen som bur her i Arequipa. Eg syntes det var litt langt å gå, men eg kom meg nå fram(med litt hjelp).
Me grilla pølser og kosa oss. På bildet er mamma litt i tvil om kor eg vil ha maten, så eg må visa hu:)



Mika og eg ligg på same rom, og av og til tar han seg ein tur bort til meg. Då er det ikkje alltid så lett å sovna, men me har det løye. Mika er den løgnaste eg kjenner. Når han begynner å tulla, klarer eg nesten ikkje å slutta å le..

Friday, June 03, 2011

Snart skuleklar med ny sveis

Nå er det litt kjedelig heima, for me har pakka ned mange ting som skal sendast til Norge. Er litt usikker på kva dette "Norge" betyr, men eg har iallefall fått med meg at eg skal reisa med fly, og det liker eg.
Sist veka begynte eg på førskulen. Det er for dei som skal begynna på skulen, og der lærer me litt korleis det er å gå på skulen. Eg synes det er kjekt, og når det er favorittdamene mine, Elise og Katrine, som har dette, så må det jo bli gøy.

Me fekk lapp med navna på

Her er heile førskulen
Har og lyst å visa dokke eit bilde av når eg fekk ny sveis, det kan eg takka Mika for. Kunsten i bakgrunnen på det bildet, har me vore saman om. Eg synes me er eit kreativt radarpar.
Luggen min held eg i handa:)

Sunday, May 01, 2011

Juliaca og glasdør

Då har eg vore ein siste gang i Juliaca og rundt forbi. Det var litt trist å sei "ha-det" til byen eg har så mange gode minner frå. Mamma og pappa snakker meir og meir om Norge, og prøver å forbereda meg psykisk på eit liv der. Men eg jatter bare med, forstår egentlig ikkje kva dei snakker om.

Avskjed med skogen i Juliaca
Mika og eg utafor Azangaro(klikk og sjå uttrykket på Mika:)

Eg leiker med ei jenta som heiter America
Glasdøra og skaden min

I går leika Mika og eg ganske kjekt. Han sprang etter meg, og eg tenkte eg skulle vera lur å lukka glasdøra litt skikkelig. Men eg kom ikkje heilt på kor sterk eg var, så den knuste og eg ramla gjennom døra og fekk meg eit sygt kutt i håndleddet. Når eg reiste til sjukehus med eit håndkle rundt armen, sa eg til pappa: Eg må ha på plaster. Det var visst litt verre enn det. Doktoren måtte sy 6 sting i armen min, men ellers er eg like fin.

Wednesday, April 20, 2011

God påske

Me har hatt kjekt besøk frå Norge den siste veka, men i dag reiste dei. Har lyst å ønska alle mine trufaste leserar ei god påske med denne fine sangen.

Saturday, April 09, 2011

Tur til Bolivia

Eg har vore på tur til Bolivia. Det var ei ganske lang reise, men det hjalp på når eg fekk synga litt.
I Cochabamba var me på eit fint hotell. Me budde samen med familien Eggebø i ei hus. Og veit du kva det hadde i hagen? Svømmebasseng! Som mange av dokke veit, er eg glad i vatn, og Mika og eg kosa oss masse i bassenget.
Me var og oppe og såg på ein av verdens største Jesus-statuer
Det var litt av det eg har gjort i det siste.

Sang med Peter
den va løyen..

Bading er livet

eg gidde ikkje sitta i ro:)

Gøy med taubane

Sunday, March 13, 2011

I hundre!

Då feirer eg eit aldri så lite jubileum på bloggen min. Dette er nemlig innlegg nr 100! Det er ikkje alltid eg har like mykje på hjerta, men sjølv om det ikkje alltid er så tett mellom innlegga, har det nå blitt nokre livsteikn frå meg.

Silas og eg i farten
I Parken
David og eg køyrer "bånn gass"
Denne helga har mamma vore vekke, og på laurdag tok pappa med seg heile gjengen på go-cart. Det var noko eg kunne lika. Eg fann ikkje heilt ut av det sjølv, men eg fekk vera med brødrene mine. Etter at me var ferdige, hadde eg litt vanskelig for å forstå at det var slutt. Eg må vel innrømma at eg maste litt for å få køyra meir, men der var pappa ganske konsekvent. Men, men..det var kjekt så lenge det varte.

Monday, March 07, 2011

Steingal og brillelaus

Mika og meg i ein park  



Første og siste bildet med dei brillene:)
Gøy og rutsje med Peter
Pappa vart litt nervøs når eg kasta denne..
For ikkje så lenge sidan tok mamma og pappa meg med til byen for å kjøpa nye briller. Eg tok ein synstest og bestilte nokre friske, kule briller. Nokre dagar etter at eg hadde fått dei fekk eg vera med Katrine og nokre andre på busstur i ein toetasjes turistbuss. Då gjorde eg noko fristande, men dumt. Eg tenkte eg ville sjekka om dei nye brillene mine var solide saker, så eg tok dei av og kasta dei ut av bussen. Det som eg ikkje hadde tenkt på, var at det kunne vera vanskelig å finna dei igjen. Me fann dei ikkje...

Nå i helga var me på tur litt utforbi byen. Der var det fint. Når eg vart lei av å gå, satte eg meg ned for å slappa av litt. Der var det ein del småstein, som eg heiv rundt meg. Det var i for seg greit, heilt til pappa høyrde det suste rundt øyrene hans. Då lærte eg at det er greit å hiva stein, men ikkje å sikta på folk. Stadig noko å læra.

Wednesday, February 02, 2011

Eg blir 6 år

Hei. Nå nærmer det seg veldig min bursdag. Det glede eg meg til, men noko som er litt dumt, er at pappa ikkje er heima. Men uansett blir eg 6 år på torsdag, satser på at eg får noko fint då, og sikkert noko godt å eta og. Dette året skal eg faktisk begynna på skulen!

Thursday, January 20, 2011

Litt av kvart

Fantastisk plass. Legg merke til kakene, dei er gode..

Epler og pærer med tante Anna

Eg liker å legga saman klær

Mamma og eg på ridetur. Det var kjekt.
Då er kvardagen i gang igjen, etter ei tid med mykje reising og besøk. Det var veldig kjekt å ha besøk av tante Anna, onkel Jan Erik, Leon og Adam. Me var på kysten saman med dei, og ein tur til Juliaca og Puno. For meg er ferieplassen heilt topp, eg kunne nesten budd i bassenget. Nå liker eg godt å prøva å svømma utan armringar. Eg kjem meg fram, men eg har ikkje alltid heilt kontroll på om eg står botn eller ikkje. Men heldigvis har eg både foreldre og brødre som følger med, så det går så bra så. Når me var i Juliaca, så fekk me gå inn til huset der me budde, men ikkje inn i huset. Eg hadde ikkje lyst å gå derfrå, for eg håpa å treffa Laika og Bolla(hundane våre). Men så kom Mika og sa at dei var døde, så då var det bare å gå.
Eg har visst ikkje sagt Godt Nyttår, så det seier eg nå: Godt Nyttår!

Sunday, January 02, 2011

Ferietid

Dette er ei kjekk tid på året. Jul og nyttår, med god mat og mykje snadder, badesesong og ferie. Og i tillegg besøk frå Norge. Eg har kosa meg mykje i det sista. Nå har morfar, bestemor og moster Reidun reist heim, og så har eg fått besøk av tante Anna, onkel Jan Erik, Leon og Adam. Eg synes det er kjekt å reisa til flyplassen, men det er ei ting eg blir ganske irritert på. Det er at eg aldri får vera med det flyet. Sist veka når besøket vårt reiste, så sa eg som så ofte før: Eg blir med! Men dei reiste av gårde, og så skal det vera så stas å stå der å sjå at det flyet letter. Nei, då toga eg avgårde og tenkte at nå er det på tide at eg og får vera med det flyet. Det som er litt synd, er at pappa er utrulig rask på dei første metrane, og før eg kom meg så langt som til sikkerhets-kontrollen, hadde han henta meg inn og frakta meg tilbake til denne "fantastiske" utsiktsplassen for landing og letting av fly. Eg seier det igjen: Eg vil bli med!
Ellers har eg det bare bra. Her kjem nokre bilder frå noko av det eg har opplevd sidan sist.

 Eg baker pepperkaker
Kjekt å herja med morfar
 Eg fekk piano til jul
Morfar kviler og eg sjekker om han søv
 Bading i varme kilder saman med moster Reidun og bestemor