Monday, November 26, 2007

Bordtale

Som den gode lutheraner eg er, har eg begynt å holda bordtalar. Når eg er mett og glad, reiser eg meg på stolen, og seier min hjertens meining.
video

Saturday, November 24, 2007

Det var godt



Hei igjen. eg har vore litt halvsjuk ei stund, men nå har eg blitt god igjen. Eg synes det er kjekt å vera ute å leika. I dag leika eg i sandkassen saman med Silas, Peter og Mika. På bildet har eg ikkje kome heilt i gang med leikinga, for eg fekk eit stykke paneton(peruansk julebrød). Her gjer eg teiknet for godt, for dette var snadder.

På søndag hadde me besøk av eit par frå Norge, og dei hadde med norsk grovbrød og Nugatti! Eg hadde ikkje hatt så veldig matlyst før det, sidan eg ikkje var heilt i form. Men då tok eg 3 skjever på strak arm.

Saturday, November 10, 2007

Skrekkblanda fryd



Mika og eg synes det er spennande med Bamse. Men når me er ute, hender det han blir litt innpåsliten. Men det er veldig koselig når me kan kosa med han gjennom vinduet.