Sunday, August 29, 2010

Ridetur



Då er kvardagen i gang igjen, og det liker eg godt. Eg har fått ny dama som trener med meg, skal prøva å få tatt eit bilde av hu ein dag. I dag kjem eg ikkje på så mykje å fortella, men eg tenkte eg skulle legga ut eit par bilder. Dei store brødrene mine liker godt å ri, og ein dag eg var med ut der det er hestar. Då fann eg ut at måtte prøva ein ridetur eg og. Det var litt skummelt, men det var kjekt og.

I kveld hadde me pizza-rester til kvelds, og eg trengte hjelp til blåsa på den, for den var varm. Mamma tilbaud seg å blåsa, men eg meinte pappa var best til det. Når mamma spurte kvifor ikkje hu kunne blåsa sa eg: Pappa er skatten min! Då lo dei, så eg trur eg er ganske løyen.