Monday, March 07, 2011

Steingal og brillelaus

Mika og meg i ein park  



Første og siste bildet med dei brillene:)
Gøy og rutsje med Peter
Pappa vart litt nervøs når eg kasta denne..
For ikkje så lenge sidan tok mamma og pappa meg med til byen for å kjøpa nye briller. Eg tok ein synstest og bestilte nokre friske, kule briller. Nokre dagar etter at eg hadde fått dei fekk eg vera med Katrine og nokre andre på busstur i ein toetasjes turistbuss. Då gjorde eg noko fristande, men dumt. Eg tenkte eg ville sjekka om dei nye brillene mine var solide saker, så eg tok dei av og kasta dei ut av bussen. Det som eg ikkje hadde tenkt på, var at det kunne vera vanskelig å finna dei igjen. Me fann dei ikkje...

Nå i helga var me på tur litt utforbi byen. Der var det fint. Når eg vart lei av å gå, satte eg meg ned for å slappa av litt. Der var det ein del småstein, som eg heiv rundt meg. Det var i for seg greit, heilt til pappa høyrde det suste rundt øyrene hans. Då lærte eg at det er greit å hiva stein, men ikkje å sikta på folk. Stadig noko å læra.

4 comments:

Marit Halvorsen said...

Det va godt du ikkje traff då, Solveig;) Kjekt å følga med på bloggen din :)
Marit

Gunn Marit said...

Hei Solveig!

Me fann sida di! Så fin den var, men det må den jo bli - når hovedpersonen er ei slik flott jente! Tusen takk for koseleg middag her ein dagen! Helsing uss som er på 2 månaders gjestevisitt i Arequipa ;-)

Anonymous said...

det var finne bilder

Anonymous said...

jeg har vært i peru og dere kjenner meg og det var fine bilder