Tuesday, October 16, 2012

Haustferie

Her er eg igjen. Me er nettopp kome heim frå ein kjekk haustferie. Først reiste me til Haugesund og besøkte kompisar som eg har der. Dei var veldig glade for å sjå meg. Og ikkje nok med det, men eg vart forelska.. i ein som heter Hunter. Det er verdens finaste hund. Mamma var nesten litt på glid når eg og søskena mine spurte om me ikkje "pleeeeaase", "vææær såååååå snill", kunne få ein sånn hund, men pappa gadd ikkje. Han er litt spesiell når det gjeld hundar, for han liker hundar, men hate blaute hundar. Forstå det den som kan.
Kan eg ikkje få ein sånn?

Me fortsatte festreisa vår til Fågen, som er ein veldig kjekk plass. Eg kan ikkje for det, men der og kjente eg på ein del varme følelsar, og det var helst Samuel og Luca si skyld. Dei e bare så skjønne.
Og så er eg litt kry, for eg klarte å gå heilt opp på verdens høgaste fjell på Fågen. Då var eg ganske fornøgd med meg sjølv.
Dei observante leserar vil legga merke til at eg har fått meg nye briller, dei eg hadde før er eg litt usikker på kor vart av:)

Eg lage kjøttkaker.

Feiring når eg nådde toppen!

Lykkestund med Luca og onkel Jan Erik.

Det er lov å være blid.

Mamma og meg på vei ned frå fjellet!
Når det gjeld ord og uttrykk som eg har fanga opp, er nokre passande: Skjeerp deg! og Aldri i livet!

1 comment:

Janne said...

Hei Solveig!
Så kjekt å se deg på toppen av Fogn! Så flink du er.
Neste gang du og familien din er på Ørnekula, må dere gå ned på den andre siden av "fjellet". Der bor vi: Familien Bø. Da kan mamma og pappa få kaffe, og du og søskena dine få saft av oss. Vi bor rett ned forbi. :-D Det hadde vært koselig!

Ps! Fine briller du hadde fått!!
Neste gang du mister, eller ikke finner brillene dine, må du bare si til mamma at "Ja, men det er jo viktig å fornye seg litt inni mellom uansett, så det gjør ingen ting!" ;-)

Hils mamma og pappa fra Janne