Tuesday, December 28, 2010

Julehelsing

Eg har sendt inn eit stykke til Utsyn, men til dokke som ikkje har det, du kan lesa kva eg har skrive ved å klikka på denne.

Saturday, December 18, 2010

Julesang

Nå er det snart jul, og eg har fått besøk frå Norge av bestemor, morfar og moster Reidun. Kjekt med besøk! Eg har holdt på ei stund med julesangar, og dei lever eg meg inn i. Her eit lite glimt frå korleis eg kjem i julestemning.

video

Saturday, November 13, 2010

Ta hensyn


I dag vil eg setta litt fokus på at det kan vera litt krevande å vera einaste jenta i ein søskenflokk på fem. Stort sett går det heilt greit og er veldig glad i brødrene mine, men det hender dei blir litt voldsomme. Det virker ikkje som dei alltid tenker på at det er ei dama blant dei, som dei bør ta litt hensyn til. Ellers rekner eg med at bildene fortel ein del om kva eg meiner!


Thursday, October 28, 2010

God kontakt med sjefen

Dei av dokke som følger litt med i kva som skjer i NLM, veit at me nylig har fått ein ny sjef i organisasjonen. Han heiter Øyvind Åsland og var på besøk hos oss når me budde i Juliaca. Eg tenker at det er viktig å ha gode kontakter, og eg synes me fekk ein god dialog. Han som var sjef før Øyvind, heiter Ola Tulluan. Han synes eg og at eg fekk eit nært og godt forhold til. Det kan vera ein fordel å kjenna toppane av og til, og det har eg tenkt å utnytta så godt eg kan.

Ellers så ha me fått besøk frå Norge, og dei hadde med mykje fint og godt til meg. I kveld hadde eg ein del skiver med brunost, men eg vart litt irritert når David og Peter og skulle eta av min brunost.

Monday, October 25, 2010

I vinden

Sist veka var eg nokre dagar på haustferie på kysten. Det var veldig kjekt. Ein kjekk mann som heiter Tom Georg, fant på noko lurt. Det var å kjøpa drage til meg og dei andre ungane.
Nå skal eg læra dokke noko om drage-flyging. Eg prøvte først å springa etter dragen, men det vart ingen ubetinga sukess, så då fann eg ut at eg får prøva å springa andre veien.
Veit du ka? Det virka. Eg sprang rundt å kosa meg med dragen. Gøy, gøy!

Saturday, October 16, 2010

Fine bilder

Her går tida, og eg har det fint. Har vore litt oftare sjuk her i Arequipa enn eg var i Juliaca, men sånn er livet. Tenkte eg ville legga ut eit par bilder av meg, så dokke kan ha noko fint å sjå på!

Eg held på å trena på å køyra 3-hjuls-sykkel, men eg liker best viss mamma eller pappa er motor

Mika og eg har pynta oss for å gå på klubb

Wednesday, September 01, 2010

Katrine

Dette er Katrine og meg
Eg prøver å læra dokka til å smila på bilder
Her er me i gang med litt trening
Her er rommet mitt

Nå har eg lyst til å presentera den nye dama som skal trena med meg dette året: Hu heiter Katrine og er veldig grei. Me har fått et eget rom på SETELA, som er på same tomta som den norske skulen. Så eg er ein del saman med ungane på skulen. Men det er litt kjekt å ha mitt eget rom, med alle tinga eg bruker.
Nå held eg på å trena på bokstavar, og eg kan peika på rett bokstav til ganske mange ord. Trur eg er ganske lur for alderen. Men det er jo bare ett år til eg begynner på skulen og.

Sunday, August 29, 2010

Ridetur



Då er kvardagen i gang igjen, og det liker eg godt. Eg har fått ny dama som trener med meg, skal prøva å få tatt eit bilde av hu ein dag. I dag kjem eg ikkje på så mykje å fortella, men eg tenkte eg skulle legga ut eit par bilder. Dei store brødrene mine liker godt å ri, og ein dag eg var med ut der det er hestar. Då fann eg ut at måtte prøva ein ridetur eg og. Det var litt skummelt, men det var kjekt og.

I kveld hadde me pizza-rester til kvelds, og eg trengte hjelp til blåsa på den, for den var varm. Mamma tilbaud seg å blåsa, men eg meinte pappa var best til det. Når mamma spurte kvifor ikkje hu kunne blåsa sa eg: Pappa er skatten min! Då lo dei, så eg trur eg er ganske løyen.


Thursday, July 15, 2010

Ein liten diskusjon

Mika og eg hadde ein liten diskusjon sjå denne

Sol og sommar


Mamma og eg på strandaKom i mine armer..
Fin utsikt ved frukostbordet
Dette blikket pleier å hjelpa viss pappa ikkje vil bera meg
Jippi
Bading er livet
Ska det vera eit krokodilleegg til frukost?

Sist veka var me på ein flott plass som heiter Zorritos. Det var ein plass heilt etter mitt hjerta. Fint basseng, god mat(dessert kvar dag) og god tumleplass.
Me var på båttur og såg på krokodillar og fuglar, dei andre prøvte å holda ein liten krokodille, men det såg eg ikkje heilt syn på.
For meg var det stora å få bada så mykje eg ville. Einaste gangen eg ikkje fekk bada var når me var med nokre sorpe-hol, då var eg litt sur, men plutselig gjekk det øve.

Friday, July 02, 2010

Kvardag

Eg trille ball med David

Det har vore mykje styr dei siste månadane, pakking, flytting, og utpakking. Men nå har me kome godt i gang i Arequipa. Eg har vore med Elise på skulen til det vart ferie der, og nå er eg med Mika i barnehagen. Om ettermiddagen er me som oftast ute i parken ein tur. I dag var eg hos frisøren og fekk klypt meg og satt opp håret. Eg sat og gliste i frisør-stolen, som egentlig ikkje var ein stol, men ein liten bil. Eg syntes eg vart så fin. Nå er eg klar for ei veka med badeferie. Kjem tilbake med rapport frå det seinare.

Eg har sett litt på fotball-VM, trur det var sånn dei gjorde..
Homm, det betyr kom i mine armer, det er deg som eg har kjær
Eg var fornøgd når eg hadde vore hos frisøren, og det hadde eg grunn til

Sunday, June 20, 2010

Eg har flytta

Ha det bra, Randi, eg sakne deg allerede...
Heldigvis har eg nokre brødre eg kan kosa meg med, når andre reiser
Avskjedsfrukost med 3xMulelid og Markus
Ein siste natta-kos til Andrea
Nutella er godt, uansett kva pappa seier

Nå har eg flytta frå Juliaca og ned ca 1400 meter, så nå bur eg bare 2400 m.o.h i ein by som heiter Arequipa. Det er ganske varmt og godt her, sjølv om det er vinter.
Sjølve flyttinga gjekk greit, eg er ikkje så nøye på kor eg bur, men eg liker å ha kjekke folk rundt meg. Det som er litt dumt akkurat nå, er at mange folk som eg har prøvt å bygga opp eit godt forhold til, reiser frå meg. Det liker eg ikkje.
Når folk reiser, treng eg noko å kosa meg med. For ei stund sidan reiste mamma og David på tur til Chile. Då fann eg ut at eg kunne trenga litt snadder, så eg fann Nutella-glaset og forsynte meg rikelig av det. Pappa var ikkje så begeistra, han snakka om at eg ikkje burde grapsa når eg var ny-bada. Men for meg er ikkje Nutella graps, snarare tvert imot.

Takk for alt kjekt me har funne på saman, Andrea, Sander, John Henrik, Randi og Robert(potet). Eg er glad dokke vart kjent med meg. Og så har eg lyst til å takka Birgitte som har vore veldig kjekk å trena med den siste tida eg budde i Juliaca. Dokke andre har eg ikkje vore så mykje saman med, men Ingrid har vore kjekk å leika med. Håper dokke får det fint i Norge. Plutselig kjem eg på besøk.



Thursday, May 20, 2010

17.mai


I år feira me 17.mai i Arequipa. Det var ein dag etter mitt hjerta. Me begynte med å kle oss opp, eg liker å gå i kjole! Så var det ein fantastisk frukost, og eg hadde opptil fleire skjever med brunost. Det smakte godt. Eg skulle egentlig vera duskedama i toget, men når toget skulle gå, fann eg ut at det gadd eg ikkje, så eg sto å såg på.
Etterkvart kom det ei dama med ei isvogn, så grilla me, snopa litt i kiosken, og før me gjekk heim var det eit stort kakebord.
Det høyres kanskje ut som om eg bare åt på 17.mai, men eg fekk og tid til å leika og spela bordtennis.

Monday, May 10, 2010

Ta vare på huden


Her ein morgon fann eg ei krukka med a-vitamin-krem. Eg tenkte at sidan eg bur ein plass med mykje sol og tørr luft, bør eg tenka på å bevara huden min fin. Så eg smurde tjukt på. Mamma syntes nok det vart litt vel tjukt, men alt for skjønnheten:)

Saturday, May 08, 2010

Potet


Eg er blitt ganske flink til å snakka i det sista. Eg hermer etter ord og navn, og klarer å gjera meg forstått på norsk, og glimter til på spansk og av og til. Når eg er ute i gata, så helser eg gjerne på tilfeldige folk på gata med eit klingande: HOLA. (Det betyr hei, for dei som ikkje er så støe i spansken).

Det er ein eg har gitt eit litt spesielt navn. Han heiter Robert, men eg synes han kler så godt det navnet eg har gitt han, det er Potet.

Pappa prøver å læra meg å sei Ro, og eg seier ”ro”, og så ”bert” og eg seier ”bert”-potet, med eit lurt smil om munnen.

Monday, May 03, 2010

Perfect syndrom


Eg fann ein utrulig bra artikkel om ein annan familie som har fått ei jenta med Downs syndrom. Ein av tinga som far til denne jenta skriv, er at det er litt dumt at han som fann ut kva Downs syndrom er, heite Down, litt negativt på ein måte. Han kunne jo heita Brown, eller Perfect:)
Les denne artikkelen.
Eg les ein del, men eg held meg helst til Utsyn, synes det er eit godt blad.

Sunday, April 25, 2010

Litt forskjellig


Sidan sist har det skjedd litt av kvart. Me har hatt kjekt besøk av tante Elin, onkel Endre, Gunnar og Magnus. Eg syntes det var spesielt stas med Magnus, eller ”bebe”, som eg kalla han. Dei kom mens me var i Arequipa for å vera på konferanse. Då var eg i barnehage eit par dagar, det var kjekt.

Så var me på tur med besøket vårt, både på Titicaca-sjøen og på Sillustani. Ellers er eg i jevnt godt humør, snakker meir og meir, og et skjeva med leverpostei.

Her kan de sjå nokre bilder av meg frå seinare tid.