Thursday, October 28, 2010

God kontakt med sjefen

Dei av dokke som følger litt med i kva som skjer i NLM, veit at me nylig har fått ein ny sjef i organisasjonen. Han heiter Øyvind Åsland og var på besøk hos oss når me budde i Juliaca. Eg tenker at det er viktig å ha gode kontakter, og eg synes me fekk ein god dialog. Han som var sjef før Øyvind, heiter Ola Tulluan. Han synes eg og at eg fekk eit nært og godt forhold til. Det kan vera ein fordel å kjenna toppane av og til, og det har eg tenkt å utnytta så godt eg kan.

Ellers så ha me fått besøk frå Norge, og dei hadde med mykje fint og godt til meg. I kveld hadde eg ein del skiver med brunost, men eg vart litt irritert når David og Peter og skulle eta av min brunost.

Monday, October 25, 2010

I vinden

Sist veka var eg nokre dagar på haustferie på kysten. Det var veldig kjekt. Ein kjekk mann som heiter Tom Georg, fant på noko lurt. Det var å kjøpa drage til meg og dei andre ungane.
Nå skal eg læra dokke noko om drage-flyging. Eg prøvte først å springa etter dragen, men det vart ingen ubetinga sukess, så då fann eg ut at eg får prøva å springa andre veien.
Veit du ka? Det virka. Eg sprang rundt å kosa meg med dragen. Gøy, gøy!

Saturday, October 16, 2010

Fine bilder

Her går tida, og eg har det fint. Har vore litt oftare sjuk her i Arequipa enn eg var i Juliaca, men sånn er livet. Tenkte eg ville legga ut eit par bilder av meg, så dokke kan ha noko fint å sjå på!

Eg held på å trena på å køyra 3-hjuls-sykkel, men eg liker best viss mamma eller pappa er motor

Mika og eg har pynta oss for å gå på klubb