Sunday, May 01, 2011

Juliaca og glasdør

Då har eg vore ein siste gang i Juliaca og rundt forbi. Det var litt trist å sei "ha-det" til byen eg har så mange gode minner frå. Mamma og pappa snakker meir og meir om Norge, og prøver å forbereda meg psykisk på eit liv der. Men eg jatter bare med, forstår egentlig ikkje kva dei snakker om.

Avskjed med skogen i Juliaca
Mika og eg utafor Azangaro(klikk og sjå uttrykket på Mika:)

Eg leiker med ei jenta som heiter America
Glasdøra og skaden min

I går leika Mika og eg ganske kjekt. Han sprang etter meg, og eg tenkte eg skulle vera lur å lukka glasdøra litt skikkelig. Men eg kom ikkje heilt på kor sterk eg var, så den knuste og eg ramla gjennom døra og fekk meg eit sygt kutt i håndleddet. Når eg reiste til sjukehus med eit håndkle rundt armen, sa eg til pappa: Eg må ha på plaster. Det var visst litt verre enn det. Doktoren måtte sy 6 sting i armen min, men ellers er eg like fin.