Thursday, August 30, 2007

Brødre

Eg er så heldig å ha 4 brødre. Dei har eg mykje moro med. Stort sett er dei greie å ha med å gjera, men viss dei kjem å skal klemma på meg når eg er opptatt med noko anna, gir eg klar beskjed om at det ikkje passer.

I dag var me på tur på eit marked med masse suvenirar. Då sat eg og Mika i tvilingvogna, og fekk masse oppmerksomhet. Det som eg er litt bekymra for når det gjeld han, er at han ser så seriøs ut. Bare sjekk bildene pappa tok i dag.


Ein del kveldar sit me å ser på film. Og då synes eg det er koselig når eg får sitta oss ein av brødrene mine. Det er sjeldan eg klarer å sitja i ro ein heil film, men eg klarer litt, viss det er ein spennande film.
Kom med kommentarar, por favor.


Saturday, August 25, 2007

Endelig kom lekene mine



I dag var ein kjekk dag. Me fekk alle dei tinga som me sendte med container for snart 2 månadar sidan. Sjølv om det var lenge sidan eg hadde sett ein del av lekene mine, var det heilt topp å sjå dei igjen. Spesielt var eg glad for dokka og dokkekleda. Nå skal eg kosa meg!
Det hadde vore koselig viss nokon av dokke ville legga igjen ei lita helsing i ny og ne. Då klikker du på "comments" og så skriv du noko koselig til meg.

Nå vil eg snart gå



Eg prøver stadig på å finna ut korleis eg skal klara å gå samanhengade. Eg har ingen problem med å reisa meg opp og stå, og eg går 7-8 steg, men så mister eg balansen. Men det er kjekt å gå. Når eg har det travelt, tar eg ut med rompa i veret. Det går absolutt fortast! Men eg er ganske sikker på at eg skal læra meg å gå før eg begynner å sykla:)

Saturday, August 18, 2007

På messa




I dag har me vore på ei stor messa her i Arequipa. Me såg på bilar, bussar, dyr og mykje anna. Det var mange folk som smilte og peikte når dei såg oss, trur ikkje dei er vant til å sjå så fine ungar som meg. Me har fått ny vogn, den vakte og litt oppsikt.


Og så møtte eg ein herlig peruansk gut som heiter Sebastian, han har og Downs syndrom, og var og ein blid og positiv person!

Wednesday, August 15, 2007

Kvardagen har begynt


Denne veka har eg og Elisabeth starta med trening. Eg har fått eige rom på den norske skulen mens me er i Arequipa. Det var litt hardt å begynna igjen etter ferien, men det skal nok gå bra.



Tuesday, August 14, 2007

Fart og spenning


Nå er eg godt i gang med livet i Peru. Her skin sola kvar dag. Einaste problemet eg har er at eg blir så utrulig tørr i huden av denne ørkenlufta. Eg held på å venna meg til at ting smaker litt annleis enn vanlig, men eg slit litt med brødmaten. Middagane derimot smaker kjempegodt.

Eg har opplevd ein del fart og spenning sidan sist. Ein dag me var i parken, så kjørte Silas meg i vogn. Då fann han ut at han ville kjøra rally. Det var gøy!

Ein annan dag fann han ein balje å køyra meg i, då lekte me ferja.

Pappa var på markedet ein dag, og då kom han heim med ein bil til meg. Den er kul. Første dagen var det både lys og lyd på den, men etter det trur eg ikkje det har vore batteri i bilen. Forstå det den som kan!

Mamma var og på markedet ein dag, og hu kjøpte eit enormt handlenett. Det har eg brukt som tilfluktsplass og som hatt. Ganske stilig.

Friday, August 03, 2007

Eg er i Peru


Tru det eller ei, men nå er eg i Peru! Me reiste grytidlig på torsdags morgon. Først tok me eit fly til Amsterdam, og så tok me eit stort og flott fly frå Amsterdam til Lima. Der var det ein skjerm for kvart sete, og me kunne sjå film, spela spel eller høyra musikk. Eg såg litt film, men eg gadd ikkje så lenge om gangen. Så høyrde eg litt musikk, og då synes eg det er godt å bevega meg litt. Flymaten var litt variabel. Den første me fekk likte eg best. Det var pasta, med ein tomatsaus og ost. Den gjekk ned på høgkant. Etter det var det ikkje så mykje eg likte, men eg fekk smaka litt av pappa sin dessert, og det smakte godt. Eg er veldig glad i det som er søtt.

Det som er litt stress med å reisa til andre sida av kloden, er at klokka går i hytt og ver. Eg får ikkje sova når eg vil, og det blir eg litt forvirra av. I dag kvilte eg ein time, og det var mellom klokka 22 og 23 norsk tid. Og så la dei meg ikkje før klokka var langt på natt.

I dag har me vore i Lima. Me låg på hotell, og var på Mac Donalds og åt hamburger. Så var det ny flyreis, til Arequipa, som er Peru sin ant største by med ca 1 million menneske. Der var det ein heil gjeng som tok imot oss med norske flagg og fest på skulen. Kaka og is, var heilt etter min smak. Så reiste me til huset me skal bu den neste månaden og litt til. Eit kjempestort og fint hus.

Glede meg til å sjå meir av Peru.