Thursday, June 18, 2009

Eg er sjuk


Nå har me hatt ein skikkelig influensa-tur i familien. Og eg fekk det ganske hardt, så nå er eg på sjukehus i Arequipa og prøver å koma meg. Eg er bedre enn eg var, nå et eg litt, teikner og les i bok. Men eg treng fortsatt oksygen. Me har bilettar til Norge på laurdag, men dei slepp meg ikkje ut herfrå før eg kan pusta sjølv. Vil du vera med å be om at eg kan bli frisk FORT.
Eg er så lei av alle sjukepleierane som kjem og gjer meir eller mindre irriterande ting med meg, så eg slit litt med å halda oppe mitt gode humør.
Satser på å sjå ein del av mine trufaste leserar i Norge snart!

Monday, May 18, 2009

Ut å stjæle is:)


Hei. Me har feira 17.mai, og det var ein dag etter mitt hjerta. Masse folk, god stemning, mat, kaker og sist me ikkje minst is. Pappa kjøpte ein liten uskyldig beger-is til meg, og den gjekk raskt ned. Så såg eg ein annan is som sto på eit bord, og den var så fristande at eg begynte på den og. Når eigaren av isen dukka opp fekk eg eit problem, men det løyste eg med å skru på sjarmen!

Wednesday, May 06, 2009

Om gode klemmar


Pappa har lest ein bra artikkel om folk med Downs. Eg likte spesielt siste avsnittet om store smil og gode klemmar. Det er eg god på. Les artikkelen her

Wednesday, April 15, 2009

Mykje kjekt


Hei. Eg har opplevd mykje spennande sidan sist. Me hadde misjonærkonferanse i Arequipa i mars, og då kommanderte eg generalen i Misjonssambandet til å gjera som eg ville, så eg trur eg har gode ledar-egenskaper.

Ein dag på konferansen hadde me ein stor rutsjebane, og den var kjekk å prøva.

I påskeveka fekk eg besøk av tante og onkel og søskenbarn frå Ecuador. Det var kjekt å treffa dei igjen. Ein av dei kjekkaste tinga me fann på, var å bada i basseng med vatn frå varme kilder.

Ellers har eg det fint, og trives godt i Juliaca.





Sunday, March 08, 2009

Bading er topp

Nå var det ei stund sidan sist det var noko nytt her. Eg har vore på kysten, og nøte livet i bassenget. Eg var uti til eg hadde både oppvask- hender og føter. Det var topp.
Ellers så er eg blitt ganske flink til å snakka og synga i det sista. Eg bruker både tegn og ord flittig.
Og så synes eg det er kjekt å bølla litt med folk, og eg synes folk bør ha litt humor, for ellers blir det litt tørt.
Når me var på ferieplassen denne veka, så låg eg i ei seng der det var lett å koma seg ut. Og når eg (egentlig) hadde lagt meg, lurte eg meg bort til døra, åpna den og sa: HALLOO, og så sprang eg inn og lo godt. og det gjorde resten av søskenflokken min og.
Men pappa vart lei av det etterkvart, han meinte eg holdt våkne dei som burde sova. Han klarte å halda seg alvorlig når han sa at NÅ måtte eg sova, og då sovna eg og.

Du trenge ein dusj, Mika.(Hans standarduttrykk e NEI, Solveig)
Her held eg Peter under vatn ei stund, han trengte å kjøla seg ned litt:)

Monday, February 02, 2009

4-år




I går hadde eg bursdagsfest litt på forskudd. Eg feira saman med Johannes som og fyller 4-år snart. Me grilla og heile Juliaca-gjengen og nokre besøkande var med på feiringa. Eg fekk mykje fint og kosa meg.
Men det er i morgon eg har bursdag, så du har ennå tid til å koma med ein gratulasjon:)

Tuesday, January 13, 2009

Eg elske badeferie








Hei igjen. Eg har vore på ferieplassen på kysten, og det er bare topp. Me har bada og kosa oss dagen lang. Eg er som fisken i vatnet, eg hopper, prøver å svømma med badering, dukker luggen og storkoser meg.