Monday, February 25, 2008

Gjett kor eg er nå??



Nå har eg reist frå høgfjellet, og er ein tur i varmen ved Stillehavet. Elisabeth og eg har blitt med den norske skulen på svømmeveka. Og ikkje nok med det, men etter svømmeveka kjem mamma og pappa ned til kysten, og då skal me ha ei veka ferie og. JIPPI!

Bildene er frå sist me var på kysten, men det har sikkert ikkje forandra seg så mykje:)

Tuesday, February 05, 2008

Feiring på stranda





Nå har eg blitt 3 år. På bursdagen min fekk eg mykje fint. Duplo-dokker, bamsar, dokker, badedrakt og sjokolade.

Me feira dagen min med utflukt til stranda. To fulle bilar køyrde ein time ut til Titicaca-sjøen. Der fann me ei fin strand. Nokre galningar bada, men eg heldt meg på land. Det var litt vind, så me søkte ly bak nokre haugar. Me hadde bål, pinnebrød med bacon og pølser. Etter maten var det litt leiking. Eg prøvte å gå litt i ulendt terreng, det gjekk ganske godt. Så var det boller, kaker og vafler på toppen. Me var ein heil gjeng. Alle som bur i Juliaca pluss fire som var i Juliaca på praksis og besøk. Pakkar, god mat og mange kjekke folk, då kan det ikkje bli bedre. Takk til
dokke som sende meg koselige helsingar til bursdagen min.