Thursday, January 19, 2012

Godt nyttår

Godt Nyttår. Nytårsafta var eg oppe til halv to, eg vurderte å døgna, men så sovna eg.
Då har eg faktisk ikkje gitt lyd frå meg sidan i fjor, så her kjem ei lita helsing. Før jul fekk me besøk av familien Tjelle, det var koselig. Me feira jul på Fogn hos bestå og besten. Det var kjekt. Eg fekk Nugatti kvar dag, og til jul fekk eg masse klær, ny dokka og mykje fint. Me var og på overnatting hos bestemor og morfar. Når me kom heim til Nærbø fekk me besøk heilt frå Peru. Det var veldig kjekt å herja med Helge igjen, sjølv om han såg ut som ein geitebukk:)
Nå er det kvardag igjen, og eg er i gang med skulen.
Nå er det ikkje lenge til eg skal prøva meg på ski, om det kjem snø eller ikkje!