Thursday, January 20, 2011

Litt av kvart

Fantastisk plass. Legg merke til kakene, dei er gode..

Epler og pærer med tante Anna

Eg liker å legga saman klær

Mamma og eg på ridetur. Det var kjekt.
Då er kvardagen i gang igjen, etter ei tid med mykje reising og besøk. Det var veldig kjekt å ha besøk av tante Anna, onkel Jan Erik, Leon og Adam. Me var på kysten saman med dei, og ein tur til Juliaca og Puno. For meg er ferieplassen heilt topp, eg kunne nesten budd i bassenget. Nå liker eg godt å prøva å svømma utan armringar. Eg kjem meg fram, men eg har ikkje alltid heilt kontroll på om eg står botn eller ikkje. Men heldigvis har eg både foreldre og brødre som følger med, så det går så bra så. Når me var i Juliaca, så fekk me gå inn til huset der me budde, men ikkje inn i huset. Eg hadde ikkje lyst å gå derfrå, for eg håpa å treffa Laika og Bolla(hundane våre). Men så kom Mika og sa at dei var døde, så då var det bare å gå.
Eg har visst ikkje sagt Godt Nyttår, så det seier eg nå: Godt Nyttår!

Sunday, January 02, 2011

Ferietid

Dette er ei kjekk tid på året. Jul og nyttår, med god mat og mykje snadder, badesesong og ferie. Og i tillegg besøk frå Norge. Eg har kosa meg mykje i det sista. Nå har morfar, bestemor og moster Reidun reist heim, og så har eg fått besøk av tante Anna, onkel Jan Erik, Leon og Adam. Eg synes det er kjekt å reisa til flyplassen, men det er ei ting eg blir ganske irritert på. Det er at eg aldri får vera med det flyet. Sist veka når besøket vårt reiste, så sa eg som så ofte før: Eg blir med! Men dei reiste av gårde, og så skal det vera så stas å stå der å sjå at det flyet letter. Nei, då toga eg avgårde og tenkte at nå er det på tide at eg og får vera med det flyet. Det som er litt synd, er at pappa er utrulig rask på dei første metrane, og før eg kom meg så langt som til sikkerhets-kontrollen, hadde han henta meg inn og frakta meg tilbake til denne "fantastiske" utsiktsplassen for landing og letting av fly. Eg seier det igjen: Eg vil bli med!
Ellers har eg det bare bra. Her kjem nokre bilder frå noko av det eg har opplevd sidan sist.

 Eg baker pepperkaker
Kjekt å herja med morfar
 Eg fekk piano til jul
Morfar kviler og eg sjekker om han søv
 Bading i varme kilder saman med moster Reidun og bestemor