Thursday, October 25, 2007

Baking


Ein dag David og Peter skulle baka kaka, fann eg ut at det såg så kjekt ut, at eg og begynte å baka. Eg tenkte på eplekaka!

Wednesday, October 17, 2007

Eg er i boks


Eg har funne ut at det er ganske koselig å sitja oppi boksen me pleier å ha duplo i. Der kan eg haldda roen ei heil stund, spesielt viss eg kan drøsa og kosa med dokka mi.

Sunday, October 14, 2007

Endelig CD-spelar i hus

Pappa har vore ute og handla CD-spelar. Det er spesielt Silas og eg som gleder oss over den. Og når eg høyrer ein fin sang, slit eg med å sitja i ro å høyra. Trykk på play og sjå sjøl!

Tuesday, October 09, 2007

Eget rom på skulen



Hei igjen. Det går veldig godt med meg i Juliaca. Eg har ikkje merka noko problem med å bu i høyden. Eg både ete godt og sove godt.

Eg har fått eget rom på skulen, der eg og Elisabeth trener og leker. Eg synes det var eit rektig godt rom, og Elisabeth og meg har det kjekt.

Thursday, October 04, 2007

Halvfarlig leik




Hei! Nå har eg kome til Juliaca. Mamma, Mika, David og eg tok fly opp på laurdag. Mamma og pappa var ganske spente på korleis eg og Mika ville reagera på å vera ca 4 km over havet(3820 m.o.h heilt nøyaktig). Me er ganske vanlige begge to. Eg slit litt med å finna noko eg liker å eta, så nå har mamma spretta ein brunost, og det er snadder.

Elisabeth og eg har begynt kvardagen vår på skulen i Juliaca. Dokke skal få sjå bilder frå det seinare.

Mika er litt irriterande for tida. Når eg prøver å leika med forskjellige ting, så skal absolutt han ha det som eg har. Ein dag fann eg ein pose og tok over hovudet, men den fekk eg ikkje ha lenge før Mika halte og drog. Slik holdt me på ei stund, eg tok den på, han tok den av.

Pappa lurte litt i bakgrunnen, for å sjå om eg gjekk lens for oksygen, men i staden for å hindra denne leiken, tok han bilder.