Sidan sist har eg vore mykje på farten. Eg har vore i Arequipa, Tacna og Bolivia. Nå skal dokke få sjå nokre bilder frå Bolivia-turen. Ein dag reiste me i 17 timar, men det gjekk greit, for det var så mange kjekke folk med på turen. I Bolivia bada og leika me. Me budde i ei hytta, og det var stor plass å springa på. Veldig kjekk tur.
Thursday, November 05, 2009
På tur
Sidan sist har eg vore mykje på farten. Eg har vore i Arequipa, Tacna og Bolivia. Nå skal dokke få sjå nokre bilder frå Bolivia-turen. Ein dag reiste me i 17 timar, men det gjekk greit, for det var så mange kjekke folk med på turen. I Bolivia bada og leika me. Me budde i ei hytta, og det var stor plass å springa på. Veldig kjekk tur.
Sunday, September 27, 2009
Trampolinesveis
Eg synes det er kjekt å hoppa på trampolinen, og då synes eg at håret blir så luftig og godt og. Ein dag eg var på trampolinen, tok eg av meg brillene for å testa kor mykje dei tålte, dei tålte ikkje så mykje...
Sist søndag var me på ein plass der me kunne ri, og eg fekk vera med Peter ein runde. Det var kjekt.
Eg er veldig glad i sang og musikk, og storkoser meg når nokon vil synga med meg. Favoritten nå er: Alle, alle, vil vi ha med
Saturday, September 12, 2009
Eg e med i klubben
Det er noko eg er veldig kry for, det er at eg er blitt stor jenta. Det betyr at eg får gå til Randi på klubb saman med Silas og Andrea. Der finn me på mykje kjekt. Denne veka baka me boller, og så åt me boller. Begge deler slo godt an hos meg.
Ellers så må eg vel innrømma at eg er litt TV-slave, og eit av favorittorda mine er "bilm", og når eg gjer teiknet i tillegg, er ingen i tvil om kva eg vil. Eg har blitt ganske flink til å finna fram filmar og få dei inn i DVD-spelaren og.
Monday, August 24, 2009
Av og til blir eg sint
Thursday, August 13, 2009
Sunday, August 02, 2009
Avskjed og ferie
Me måtte på ein del forskjellige kontrollar, og det meste var bra, men hos øyenlegen sa dei at eg måtte ha briller. Så nå har eg dei på heilt til eg hiv dei av.
Noko som er litt trist, er at når me reiste til Norge, så reiste både familien Tjelle og Hamre og heim. Det er litt trist, og spesielt er det trist med Veronika. Hu har vore så god og kjekk. Tusen takk for dette året, Veronika. V-tegnet kjem aldri til å bety noko anna enn deg i mitt hjerta.
Thursday, June 18, 2009
Eg er sjuk
Nå har me hatt ein skikkelig influensa-tur i familien. Og eg fekk det ganske hardt, så nå er eg på sjukehus i Arequipa og prøver å koma meg. Eg er bedre enn eg var, nå et eg litt, teikner og les i bok. Men eg treng fortsatt oksygen. Me har bilettar til Norge på laurdag, men dei slepp meg ikkje ut herfrå før eg kan pusta sjølv. Vil du vera med å be om at eg kan bli frisk FORT.
Eg er så lei av alle sjukepleierane som kjem og gjer meir eller mindre irriterande ting med meg, så eg slit litt med å halda oppe mitt gode humør.
Satser på å sjå ein del av mine trufaste leserar i Norge snart!
Monday, May 18, 2009
Ut å stjæle is:)
Hei. Me har feira 17.mai, og det var ein dag etter mitt hjerta. Masse folk, god stemning, mat, kaker og sist me ikkje minst is. Pappa kjøpte ein liten uskyldig beger-is til meg, og den gjekk raskt ned. Så såg eg ein annan is som sto på eit bord, og den var så fristande at eg begynte på den og. Når eigaren av isen dukka opp fekk eg eit problem, men det løyste eg med å skru på sjarmen!
Wednesday, May 06, 2009
Om gode klemmar
Pappa har lest ein bra artikkel om folk med Downs. Eg likte spesielt siste avsnittet om store smil og gode klemmar. Det er eg god på. Les artikkelen her
Wednesday, April 15, 2009
Mykje kjekt
Hei. Eg har opplevd mykje spennande sidan sist. Me hadde misjonærkonferanse i Arequipa i mars, og då kommanderte eg generalen i Misjonssambandet til å gjera som eg ville, så eg trur eg har gode ledar-egenskaper.
Ein dag på konferansen hadde me ein stor rutsjebane, og den var kjekk å prøva.
I påskeveka fekk eg besøk av tante og onkel og søskenbarn frå Ecuador. Det var kjekt å treffa dei igjen. Ein av dei kjekkaste tinga me fann på, var å bada i basseng med vatn frå varme kilder.
Ellers har eg det fint, og trives godt i Juliaca.
Sunday, March 08, 2009
Bading er topp
Ellers så er eg blitt ganske flink til å snakka og synga i det sista. Eg bruker både tegn og ord flittig.
Og så synes eg det er kjekt å bølla litt med folk, og eg synes folk bør ha litt humor, for ellers blir det litt tørt.
Når me var på ferieplassen denne veka, så låg eg i ei seng der det var lett å koma seg ut. Og når eg (egentlig) hadde lagt meg, lurte eg meg bort til døra, åpna den og sa: HALLOO, og så sprang eg inn og lo godt. og det gjorde resten av søskenflokken min og.
Men pappa vart lei av det etterkvart, han meinte eg holdt våkne dei som burde sova. Han klarte å halda seg alvorlig når han sa at NÅ måtte eg sova, og då sovna eg og.
Monday, February 02, 2009
4-år
Tuesday, January 13, 2009
Eg elske badeferie
Monday, December 29, 2008
Godt Nytt År
Då er dette året snart over, og det er på tide med eit siste innlegg frå meg. Eg har feira jul saman med familien og Besten og Bestå, og det var kjekt. Eg var ikkje overbegeistra for pinnakjøtet, men desserten og brusen kosa eg meg med.
Me gjekk rundt julatreet og sang julesangar, då kosa eg meg skikkelig. Og så kom det masse pakkar under julatreet. Det var spennande å pakka opp pakkane eg fekk, og eg fekk masse fint. Mykje klær, og ei fin dukka blant anna.
I kveld kom Veronika og familien tilbake frå Chile, og det var kjekt å sjå dei igjen. Me skal feira nyttår saman med alle som er her i Juliaca, og så går turen til ferieplassen. Det skal bli kjekt å bada og kosa seg!
Eg har lyst å helsa alle dokke som er inne å ser på bloggen min, og ønska dokke eit Godt Nytt År.
Friday, November 28, 2008
Litt forskjellig
Hei igjen, sidan sist har eg fått besøk av Bestå og Besten. Det er kjekt å ha dei her. Dei hadde med ei ny vogn til meg og. 3-hjuls rallyvogn, så nå må mamma og pappa jogga! Ellers har eg det fint.

Det er ikkje alltid eg gidde å bli tatt bilder av!
Men plutselig er det greit og.

Besten og bestå kom kl 22.30, og eg holdt humøret oppe!
Her e den nye vognå mi
Det såg godt ut!
Det er ikkje alltid eg gidde å bli tatt bilder av!
Men plutselig er det greit og.
Besten og bestå kom kl 22.30, og eg holdt humøret oppe!
Her e den nye vognå mi
Subscribe to:
Posts (Atom)