Wednesday, May 06, 2009

Om gode klemmar


Pappa har lest ein bra artikkel om folk med Downs. Eg likte spesielt siste avsnittet om store smil og gode klemmar. Det er eg god på. Les artikkelen her

1 comment:

Anonymous said...

Folket til bror min
(Olav 1973-1975)

Foket til bror min eit minne frå Eden/frå tida før uskuld vart vrengt til kalkyler/til iskald berekning av vinning og tap

til risikomåling før kjærleik og sinne/ei lynrask berekning bak steinsette andlet/eit fag vi studerer frå sandkassa av

I eit kromosom er eit fall frå det nære/ei skade på sinnet ved flukta frå Eden/men Guds ironi er at VI er dei falne

Hugs dei har enno eit islett av Eden/Hugs dei ber enno Guds visdom og dårskap/frå hjarte til hjerne ein enklare veg

Ei sannara blanding av sorga og gleda/eit tynnare filter for tillit og tiltru/for desse blir verda "det vanskelige sted"

Ope er døra frå undring til handling/frå kjærleik til kjærteikn for den som har tillit/og i denne handlinga ropar vår Far -

ropar til Adam som alltid har gøymt seg/og gjort sine anslag dei kalde kalkyler/I folket til bror min er alt vi har tapt

Når Adam har spegla seg i desse minste/når visdom blir dårskap og dårskap blir visdom/kan Adam stå fram som eit menneske att

(Hans Johan Sagrusten)