Thursday, June 18, 2009

Eg er sjuk


Nå har me hatt ein skikkelig influensa-tur i familien. Og eg fekk det ganske hardt, så nå er eg på sjukehus i Arequipa og prøver å koma meg. Eg er bedre enn eg var, nå et eg litt, teikner og les i bok. Men eg treng fortsatt oksygen. Me har bilettar til Norge på laurdag, men dei slepp meg ikkje ut herfrå før eg kan pusta sjølv. Vil du vera med å be om at eg kan bli frisk FORT.
Eg er så lei av alle sjukepleierane som kjem og gjer meir eller mindre irriterande ting med meg, så eg slit litt med å halda oppe mitt gode humør.
Satser på å sjå ein del av mine trufaste leserar i Norge snart!

Monday, May 18, 2009

Ut å stjæle is:)


Hei. Me har feira 17.mai, og det var ein dag etter mitt hjerta. Masse folk, god stemning, mat, kaker og sist me ikkje minst is. Pappa kjøpte ein liten uskyldig beger-is til meg, og den gjekk raskt ned. Så såg eg ein annan is som sto på eit bord, og den var så fristande at eg begynte på den og. Når eigaren av isen dukka opp fekk eg eit problem, men det løyste eg med å skru på sjarmen!

Wednesday, May 06, 2009

Om gode klemmar


Pappa har lest ein bra artikkel om folk med Downs. Eg likte spesielt siste avsnittet om store smil og gode klemmar. Det er eg god på. Les artikkelen her

Wednesday, April 15, 2009

Mykje kjekt


Hei. Eg har opplevd mykje spennande sidan sist. Me hadde misjonærkonferanse i Arequipa i mars, og då kommanderte eg generalen i Misjonssambandet til å gjera som eg ville, så eg trur eg har gode ledar-egenskaper.

Ein dag på konferansen hadde me ein stor rutsjebane, og den var kjekk å prøva.

I påskeveka fekk eg besøk av tante og onkel og søskenbarn frå Ecuador. Det var kjekt å treffa dei igjen. Ein av dei kjekkaste tinga me fann på, var å bada i basseng med vatn frå varme kilder.

Ellers har eg det fint, og trives godt i Juliaca.





Sunday, March 08, 2009

Bading er topp

Nå var det ei stund sidan sist det var noko nytt her. Eg har vore på kysten, og nøte livet i bassenget. Eg var uti til eg hadde både oppvask- hender og føter. Det var topp.
Ellers så er eg blitt ganske flink til å snakka og synga i det sista. Eg bruker både tegn og ord flittig.
Og så synes eg det er kjekt å bølla litt med folk, og eg synes folk bør ha litt humor, for ellers blir det litt tørt.
Når me var på ferieplassen denne veka, så låg eg i ei seng der det var lett å koma seg ut. Og når eg (egentlig) hadde lagt meg, lurte eg meg bort til døra, åpna den og sa: HALLOO, og så sprang eg inn og lo godt. og det gjorde resten av søskenflokken min og.
Men pappa vart lei av det etterkvart, han meinte eg holdt våkne dei som burde sova. Han klarte å halda seg alvorlig når han sa at NÅ måtte eg sova, og då sovna eg og.

Du trenge ein dusj, Mika.(Hans standarduttrykk e NEI, Solveig)
Her held eg Peter under vatn ei stund, han trengte å kjøla seg ned litt:)

Monday, February 02, 2009

4-år




I går hadde eg bursdagsfest litt på forskudd. Eg feira saman med Johannes som og fyller 4-år snart. Me grilla og heile Juliaca-gjengen og nokre besøkande var med på feiringa. Eg fekk mykje fint og kosa meg.
Men det er i morgon eg har bursdag, så du har ennå tid til å koma med ein gratulasjon:)

Tuesday, January 13, 2009

Eg elske badeferie








Hei igjen. Eg har vore på ferieplassen på kysten, og det er bare topp. Me har bada og kosa oss dagen lang. Eg er som fisken i vatnet, eg hopper, prøver å svømma med badering, dukker luggen og storkoser meg.

Monday, December 29, 2008

Godt Nytt År



Då er dette året snart over, og det er på tide med eit siste innlegg frå meg. Eg har feira jul saman med familien og Besten og Bestå, og det var kjekt. Eg var ikkje overbegeistra for pinnakjøtet, men desserten og brusen kosa eg meg med.
Me gjekk rundt julatreet og sang julesangar, då kosa eg meg skikkelig. Og så kom det masse pakkar under julatreet. Det var spennande å pakka opp pakkane eg fekk, og eg fekk masse fint. Mykje klær, og ei fin dukka blant anna.

I kveld kom Veronika og familien tilbake frå Chile, og det var kjekt å sjå dei igjen. Me skal feira nyttår saman med alle som er her i Juliaca, og så går turen til ferieplassen. Det skal bli kjekt å bada og kosa seg!

Her er eg på basar på vesle julafta, eg gleder meg til eg skal begynna sangkarrieren min!


Eg har lyst å helsa alle dokke som er inne å ser på bloggen min, og ønska dokke eit Godt Nytt År.

Friday, November 28, 2008

Litt forskjellig

Hei igjen, sidan sist har eg fått besøk av Bestå og Besten. Det er kjekt å ha dei her. Dei hadde med ei ny vogn til meg og. 3-hjuls rallyvogn, så nå må mamma og pappa jogga! Ellers har eg det fint.



Det er ikkje alltid eg gidde å bli tatt bilder av!
Men plutselig er det greit og.


Besten og bestå kom kl 22.30, og eg holdt humøret oppe!
Her e den nye vognå miDet såg godt ut!

Wednesday, November 05, 2008

Me har fått ein liten hund

Me har fått ein herlig liten hund som heiter Laika. I dag når eg kom heim frå Veronika, måtte eg bare leika og kosa litt med den. Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei!



Ska det ver ein liten nuss?


Ka seie du, Laika?

Eg og kan gå på fira!

Sunday, October 26, 2008

Opp og ned


For eit par veker sidan var eg sjuk. Eg hadde bronkitt og feber. Eg sov til middag, kvilte til kvelds, og då var det godt å legga seg.
Så reiste me til kysten, og der kvikna eg til igjen. Var eg ikkje ganske stilig i pappa sin hatt?
Me var og i Arequipa ei stund, det var kjekt, men nå er eg glad for å vera heima i Juliaca igjen.

Sunday, September 21, 2008

Kortskalle


Ein morgon denne veka var eg nede i stova. Mamma var ute på tur, og pappa låg og slumra litt. Då oppdaga eg eit utrulig fascinerande spel som heiter kortskalle. Det var kjekt.

Wednesday, September 17, 2008

Godt sagt

I Vårt Land sto det ei stykke om Downs. Det var så bra at eg vil dela det med dokke.

Downs
Nydelige, vakre
Såre og sterke menneskebarn
Med hjertet utenpå brystet
Det er kanskje noe vi syns er viktig
som de ikke skjønner
men det er mye vi lengter etter
som de har
(Jorunn Strand Askeland)

Her er eit bilde av meg for ei stund sidan

Sunday, August 24, 2008

Veronika

Det er ei stund sidan sist eg har blogga, men her er eg igjen. Og det har skjedd mykje sidan sist. Eg har blitt kjent med ei kjekk dama, som heiter Veronika. Hu skal trena og leika med meg dette året. Dei første dagane eg skulle vera saman med hu, var eg litt lei når mamma eller pappa gjekk, men nå vil eg helst ikkje heim. Hu har ikkje kome til Juliaca aleina, men har både mann og 3 ungar, til og med to jenter. Før sommaren var eg einaste jenta i misjonærbarnflokken i Juliaca, saman med 10 gutar. Men nå er det kome 3 jenter, og to av dei er Veronika sine. Eg trur dette skal bli kjekt. Vil du lesa meir om Veronika og familien kan du sjå på denne bloggen http://tjelle.wordpress.com/

Her er eg og minstejenta til Veronika, Elisabeth
Her er eg og Veronika

Friday, August 01, 2008

Prinsessa


På mandag var me ute på landsbygda her og besøkte nokre misjonærar frå Tyskland/USA. Der var det nokre jenter som ville kle seg opp for anledningen(det var Peru sin nasjonaldag). Og når dei hadde ein kjole som passa til meg og, var eg så fornøgd.

Monday, July 21, 2008

Ferietid






Nå var det lenge sidan det var kome noko nytt på denne sida. Pappa sin PC gjekk sund, så det har vore litt tungvint å oppdatera ei stund. Men nå har han fått ein ny, så nå skal det nok bli nyheter frå Juliaca rett som det er.

Det er ferie, og alle er heima heile dagen. Mamma og pappa prøver å trena litt med meg sjølv om det er ferie, men eg er ikkje topp motivert for tida.

Eg synes det er kjekt å vera ute på tur. I går var eg ute og gjekk, og så sto det ein vaktmann på ein fortauskant. Det var så fristande å finna på noko bøll, så eg nærma meg han bakfrå og skudde han ned frå fortauet. Det var løye:)