Som den gode lutheraner eg er, har eg begynt å holda bordtalar. Når eg er mett og glad, reiser eg meg på stolen, og seier min hjertens meining.
Monday, November 26, 2007
Saturday, November 24, 2007
Det var godt
Hei igjen. eg har vore litt halvsjuk ei stund, men nå har eg blitt god igjen. Eg synes det er kjekt å vera ute å leika. I dag leika eg i sandkassen saman med Silas, Peter og Mika. På bildet har eg ikkje kome heilt i gang med leikinga, for eg fekk eit stykke paneton(peruansk julebrød). Her gjer eg teiknet for godt, for dette var snadder.
På søndag hadde me besøk av eit par frå Norge, og dei hadde med norsk grovbrød og Nugatti! Eg hadde ikkje hatt så veldig matlyst før det, sidan eg ikkje var heilt i form. Men då tok eg 3 skjever på strak arm.
Saturday, November 10, 2007
Friday, November 02, 2007
Thursday, October 25, 2007
Baking
Wednesday, October 17, 2007
Eg er i boks
Sunday, October 14, 2007
Endelig CD-spelar i hus
Pappa har vore ute og handla CD-spelar. Det er spesielt Silas og eg som gleder oss over den. Og når eg høyrer ein fin sang, slit eg med å sitja i ro å høyra. Trykk på play og sjå sjøl!
Tuesday, October 09, 2007
Eget rom på skulen
Thursday, October 04, 2007
Halvfarlig leik
Hei! Nå har eg kome til Juliaca. Mamma, Mika, David og eg tok fly opp på laurdag. Mamma og pappa var ganske spente på korleis eg og Mika ville reagera på å vera ca 4 km over havet(3820 m.o.h heilt nøyaktig). Me er ganske vanlige begge to. Eg slit litt med å finna noko eg liker å eta, så nå har mamma spretta ein brunost, og det er snadder.
Elisabeth og eg har begynt kvardagen vår på skulen i Juliaca. Dokke skal få sjå bilder frå det seinare.
Mika er litt irriterande for tida. Når eg prøver å leika med forskjellige ting, så skal absolutt han ha det som eg har. Ein dag fann eg ein pose og tok over hovudet, men den fekk eg ikkje ha lenge før Mika halte og drog. Slik holdt me på ei stund, eg tok den på, han tok den av.
Pappa lurte litt i bakgrunnen, for å sjå om eg gjekk lens for oksygen, men i staden for å hindra denne leiken, tok han bilder.
Sunday, September 23, 2007
Matlysten er tilbake
Nå går det rette veien med meg. Ein del dagar sist veka gadd eg ikkje eta, men nå skal eg ta igjen det eg har gått glipp av. I dag åt eg 7 skiver med leverpostei til frukost, og 6 til kvelds. Til kvelds tok eg eit rundstykke og ei lita banan til dessert og.
På bildet ser dokke meg i ei hua eg fekk i posten for ei stund sidan. Den har bestemor i Noredalen laga. Var ikkje den fin?
Wednesday, September 19, 2007
Eg har vore sjuk
Den siste veka har eg vore sjuk. Eg har hatt bronkitt og vore veldig slapp og trøtt. Har ikkje ete noko særlig, og lege i senga store deler av dagen. Me har prøvt fleire doktorar, og eg har fått ein del forskjellige medisiner. Det versta var nokre vonde sprøyter. Men nå i kveld fekk eg ein veldig matlyst, eg åt 2-3 skiver, og eit stykke paneton(kaka som ligner litt på julebrød, bare ennå bedre). Når eg skulle legga meg i kveld, ville Silas ha fest for meg, så då fekk eg leika med alt mulig rart som han har i "den hemmelige boksen sin". Det var kjekt. Nå satse eg på å vera heilt frisk til me flytter til Juliaca neste veka. Pappa og David reiser med flytelassset i mårå.
Wednesday, September 12, 2007
På fellesmøte i kyrkja
På søndag var me på fellesmøte i kyrkja. Eg er glad i sang og musikk, og her er det mykje klapping. Det er eg flink til.
Friday, September 07, 2007
Ny sveis
I går var eg hos frisøren. Det gjekk greit, og eg vart såå fin. Masse pynt i håret fekk eg og. Slike ting blir ikkje lenge i mitt hår, for eg er ein ekspert til å riva det ut(til mammas fortvilelse). Men pappa klarte å knipsa eit par bilder mens eg hadde heile pynten intakt. Eg gløymte helst å riva det ut, for eg var så opptatt av å køyra bilen min. Då seier eg: bbbbbbbr. Gøy!
Wednesday, September 05, 2007
Mine festlige foreldre
Eg er litt halvsur på at ingen kommenterer den nye layouten på bloggen min, og det fine bildet på toppen. Men nå skal eg gi dokke ein anledning til å sei litt om det. Eg har to ganske festlige foreldre. Når eg høyrer musikk, så blir eg litt rikkalause, og lever meg inn i det. Pappa er vel den som er minst med på notene når det gjeld bevegelse til musikk, men eg får han og med av og til. Mamma er lettare å bevega.
Thursday, August 30, 2007
Brødre
I dag var me på tur på eit marked med masse suvenirar. Då sat eg og Mika i tvilingvogna, og fekk masse oppmerksomhet. Det som eg er litt bekymra for når det gjeld han, er at han ser så seriøs ut. Bare sjekk bildene pappa tok i dag.
Ein del kveldar sit me å ser på film. Og då synes eg det er koselig når eg får sitta oss ein av brødrene mine. Det er sjeldan eg klarer å sitja i ro ein heil film, men eg klarer litt, viss det er ein spennande film.
Kom med kommentarar, por favor.
Saturday, August 25, 2007
Endelig kom lekene mine
I dag var ein kjekk dag. Me fekk alle dei tinga som me sendte med container for snart 2 månadar sidan. Sjølv om det var lenge sidan eg hadde sett ein del av lekene mine, var det heilt topp å sjå dei igjen. Spesielt var eg glad for dokka og dokkekleda. Nå skal eg kosa meg!
Det hadde vore koselig viss nokon av dokke ville legga igjen ei lita helsing i ny og ne. Då klikker du på "comments" og så skriv du noko koselig til meg.
Nå vil eg snart gå
Eg prøver stadig på å finna ut korleis eg skal klara å gå samanhengade. Eg har ingen problem med å reisa meg opp og stå, og eg går 7-8 steg, men så mister eg balansen. Men det er kjekt å gå. Når eg har det travelt, tar eg ut med rompa i veret. Det går absolutt fortast! Men eg er ganske sikker på at eg skal læra meg å gå før eg begynner å sykla:)
Saturday, August 18, 2007
På messa
I dag har me vore på ei stor messa her i Arequipa. Me såg på bilar, bussar, dyr og mykje anna. Det var mange folk som smilte og peikte når dei såg oss, trur ikkje dei er vant til å sjå så fine ungar som meg. Me har fått ny vogn, den vakte og litt oppsikt.
Og så møtte eg ein herlig peruansk gut som heiter Sebastian, han har og Downs syndrom, og var og ein blid og positiv person!
Wednesday, August 15, 2007
Kvardagen har begynt
Denne veka har eg og Elisabeth starta med trening. Eg har fått eige rom på den norske skulen mens me er i Arequipa. Det var litt hardt å begynna igjen etter ferien, men det skal nok gå bra.
Her kan du sjå kva Elisabeth skriv: http://elisabethsteinsland.blogspot.com/2007/08/da-er-vi-i-gang.html
Tuesday, August 14, 2007
Fart og spenning
Eg har opplevd ein del fart og spenning sidan sist. Ein dag me var i parken, så kjørte Silas meg i vogn. Då fann han ut at han ville kjøra rally. Det var gøy!
Ein annan dag fann han ein balje å køyra meg i, då lekte me ferja.
Pappa var på markedet ein dag, og då kom han heim med ein bil til meg. Den er kul. Første dagen var det både lys og lyd på den, men etter det trur eg ikkje det har vore batteri i bilen. Forstå det den som kan!
Mamma var og på markedet ein dag, og hu kjøpte eit enormt handlenett. Det har eg brukt som tilfluktsplass og som hatt. Ganske stilig.
Subscribe to:
Posts (Atom)

