Det er noko eg er veldig kry for, det er at eg er blitt stor jenta. Det betyr at eg får gå til Randi på klubb saman med Silas og Andrea. Der finn me på mykje kjekt. Denne veka baka me boller, og så åt me boller. Begge deler slo godt an hos meg.
Ellers så må eg vel innrømma at eg er litt TV-slave, og eit av favorittorda mine er "bilm", og når eg gjer teiknet i tillegg, er ingen i tvil om kva eg vil. Eg har blitt ganske flink til å finna fram filmar og få dei inn i DVD-spelaren og.
