Tuesday, October 16, 2012

Haustferie

Her er eg igjen. Me er nettopp kome heim frå ein kjekk haustferie. Først reiste me til Haugesund og besøkte kompisar som eg har der. Dei var veldig glade for å sjå meg. Og ikkje nok med det, men eg vart forelska.. i ein som heter Hunter. Det er verdens finaste hund. Mamma var nesten litt på glid når eg og søskena mine spurte om me ikkje "pleeeeaase", "vææær såååååå snill", kunne få ein sånn hund, men pappa gadd ikkje. Han er litt spesiell når det gjeld hundar, for han liker hundar, men hate blaute hundar. Forstå det den som kan.
Kan eg ikkje få ein sånn?

Me fortsatte festreisa vår til Fågen, som er ein veldig kjekk plass. Eg kan ikkje for det, men der og kjente eg på ein del varme følelsar, og det var helst Samuel og Luca si skyld. Dei e bare så skjønne.
Og så er eg litt kry, for eg klarte å gå heilt opp på verdens høgaste fjell på Fågen. Då var eg ganske fornøgd med meg sjølv.
Dei observante leserar vil legga merke til at eg har fått meg nye briller, dei eg hadde før er eg litt usikker på kor vart av:)

Eg lage kjøttkaker.

Feiring når eg nådde toppen!

Lykkestund med Luca og onkel Jan Erik.

Det er lov å være blid.

Mamma og meg på vei ned frå fjellet!
Når det gjeld ord og uttrykk som eg har fanga opp, er nokre passande: Skjeerp deg! og Aldri i livet!

Tuesday, July 31, 2012

Sommarens slager

Eg elske muskkvideoar, og maser ein del om å få sjå synging på video.
I ferien hadde eg og Mika vår første friluftskonsert på Stjørdal torg. Bakgrunnen for denne sangen er at Mika hadde kjøpte seg is med fløyta i. Og eg måtte ta litt i for å høyrast i den intense fløyte-spelinga.

Monday, July 30, 2012

Min sommar

Beklager at eg ikkje har tid til å legga ut så mykje på bloggen, men eg har eit ganske hektisk liv. Men eg har blitt oppmuntra av fleire som har sagt til meg at dei har sett meg på bloggen, så her kjem litt nytt om meg.
Nå er det ferie, noko eg egentlig ikkje såg så lyst på, sidan eg har det så kjekt på skulen. Men ferien har blitt mykje betre enn frykta. Eg har truffe mange av mine Peru-venner, vore på ferie til Trøndelag, Generalforsamling på Lillehammer og på Fogn.

Her kjem nokre bilder frå sommaren min.
Eg går berserk i ripsbuskane på Fogn
Me var på tur på Fogn, og eg møtte veggen i ein bratt bakke. Mamma og pappa ga opp å få meg til å gå lenger, men storebror Silas motiverte meg med litt synging og godsnakking, og fekk meg heilt til topps. Her er me på vei ned igjen..

Her bader me i Stjørdal. Mika kjører show, og han e løyen

Ein snartur til Sverige og mama og eg fekk fjollå


Thursday, April 05, 2012

Strandliv og sykkel

I det sista har eg oppdaga stranda i nærheten av der me bur. Det er utrulig kjekt å gå rundt i sand-dynene, grava i sanden og sjå på bølgene. Eg har til og med begynt å jogga på stranda, eller kanskje det minte meir om 60-meteren.

Mika og eg ved havet

Joggetur på stranda

Sist veka fekk me eit kjekt besøk, det var ein mann som kom med ein splitter ny sykkel til meg. Eg har bare så vidt fått prøvt den, eg kan både trø og bremsa, men når eg skulle tenka på om eg skulle trø eller bremsa, så gløymte eg å styra:) Litt mange ting på ein gang, på ein måte, men eg skal nok koma inn i det.
Var ikkje den fin?

Eg er kjent for mitt gode smil:)

Ut på tur med Lilly og Mika. Fullt driv..
Nå i påsken nyt eg livet på Fogn, med besteforeldre, søskenbarn, onklar, tanter og påske-egg.

Saturday, March 24, 2012

Ski og besøk

Blir litt lenge mellom kvar gang eg blogger, men eg har eit travelt liv. Sidan sist har eg opplevd mykje kjekt. Eg har hatt besøk av ein del av mine favoritt-folk, og eg har gått på ski for første gang i mitt liv. Det var ganske kjekt, spesielt når eg sto mellom skia til pappa og rant bånn gass. Akkurat å gå rett fram var greit nok, men eg vart egentlig både trøtt og lei etter kvart. Einaste grunnen til at eg holdt ut, var at "gulrota" ikkje var ei gulrot, men sjokolade! Då var det verdt det.

Første gang eg går på ski. Pappa tar bilde med mobilen, derfor er det fullt av fingrar:)

Rune og eg har ein liten diskusjon. Begge seier: MIN Katrine!

Her var eg litt lei, så då sette eg meg ned å grov litt i snøen.

Kan någen få fart på dette???

Erlend, Elise og sjokolade. Kan det bli bedre?
Eg har hatt besøk av to av mine "lærerar" frå Peru. Det var utrulig kjekt å treffa dokke igjen, Katrine og Elise. Uten dokke hadde eg nærmast vore ein analfabet. Håper me treffest igjen snart.

Saturday, February 11, 2012

Bursdagsfeiring

 
Tidå går, og sidan sist har eg faktisk blitt 7 år. Eg synes egentlig at det burde feirast med 7 selskap, men det vart ikkje fleire enn 3. Selskap er ein fin oppfinnelse, og skal det kallast selskap, må det inneholda kaka, is og brus.
Me har hatt ein del snø dei siste vekene, og det synes eg er kjekt. Eg har funne opp nokre kjekke reglar for snøballkrig. Dei er slik at eg lager ein snøball, så må pappa bøya seg ned, og han har ikkje lov å halda hendene framfor ansiktet, så hive eg snøballen rett i fjeset hans. Det er løye.
Eg er veldig glad i babyar, og nå har eg fått eit nytt søskenbarn som heiter Luka, uten s. Han har eg tenkt å gi ein del kjærlighet framover. Han e så sjønne.
Nå e det snart vinteferie, og då får eg besøk av Katrine og Rune, det glede eg meg masse til. Og så har eg tenkt å læra meg å stå på ski. Litt usikker på om eg skal læra meg klassisk eller skøyting først, men det får eg ta etter kvart.

Koselig ver på bursdagen min

Eg fekk dukkevogn!

Kake er tingen, eg blåste lett ut lysa

Eit selskap feira eg saman med Adam(rødrutet skjorte)

Her er det jentene i klassen min som er i selskap. Gøy

Thursday, January 19, 2012

Godt nyttår

Godt Nyttår. Nytårsafta var eg oppe til halv to, eg vurderte å døgna, men så sovna eg.
Då har eg faktisk ikkje gitt lyd frå meg sidan i fjor, så her kjem ei lita helsing. Før jul fekk me besøk av familien Tjelle, det var koselig. Me feira jul på Fogn hos bestå og besten. Det var kjekt. Eg fekk Nugatti kvar dag, og til jul fekk eg masse klær, ny dokka og mykje fint. Me var og på overnatting hos bestemor og morfar. Når me kom heim til Nærbø fekk me besøk heilt frå Peru. Det var veldig kjekt å herja med Helge igjen, sjølv om han såg ut som ein geitebukk:)
Nå er det kvardag igjen, og eg er i gang med skulen.
Nå er det ikkje lenge til eg skal prøva meg på ski, om det kjem snø eller ikkje!





Friday, December 23, 2011

God Jul!

Hei og hå, nå e det jul! Eg e hos Besten og Bestå på Fogn, og glede meg veldig til å gå rundt juletre. Denne veka fekk me ein dag med snø, og eg fekk prøva å aka. Det var veldig kjekt, men dagen etter var snøen vekke. Då vart Mika så frustrert at han tok rattkjelken og drog avgårde på bare asfalten.

Då trur eg bare eg vil ønska dokke alle ei flott jul.

Monday, December 05, 2011

Tannlaus

Eg har forandra meg litt sidan sist, eg har nemlig mista to tenner. Eg var hos tannlegen for ei stund sidan, men då må eg innrømma at eg var noko skeptisk til at ei framand dame skulle stappa eit speil inni munnen min! Når pappa vart med oppi denne kjørbare stolen fekk hu til nøds lov til å tella tennene mine. Men ikkje sei noko til hu om at eg har mista tenner, for då blir eg plutselig kalla inn til ny tann-telling..


Ellers har eg funne ut at det kan vera veldig godt å stå litt tidlig opp, og få litt tid for seg sjølv. Då pleier eg ofte å finna fram litt snadder, å sitta å fundera litt over livet.

Tuesday, October 25, 2011

Nye briller

Rekner med ein heil del av dykk er veldig spent på korleis eg tar meg ut i mine nye briller! Her kan dokke sjå. Eg er så fornøgd at eg beheld brillene på nesten heile dagen.

Mika og eg ville gjerne synga ein sang for dykk og, så de kan ha noko å kosa dykk med på mørke haustkveldar.

Thursday, October 13, 2011

Haustferie

Sauer er morsomme dyr

Veren var svolten.
Nå er eg på Fogn på haustferie, og det er ein spennande plass. Eg har leika, kjørt traktor med onkel og gått på tur med Bestå.
Noko som eg synest var veldig kjekt, var å vera i sauhuset. Eg var med å ga mat til verane, og eg syntes me fann tonen.
Ellers så har eg bestilt nye briller, så får me håpa at det er nokon som sit godt på hodet mitt:)

Saturday, October 01, 2011

Her er eg igjen

Olav er ein kjekk kar. IPADen hans var og kjekk. Sånn ein trur eg at eg MÅ ha!
 Ja, vel, det går litt langt mellom blogginnlegga for tida, men eg er litt travelt opptatt for tida. Eg går på skule, gjer lekser, er med i kor og barnelag, og prøver å prioritera å få sjå litt på film og TV, så tida går. Men eg rekner med ein del av dykk har litt abstinenser etter å sjå mitt blide åsyn, så eg skal legga ut nokre bilde av meg:)
Eg vurderer sjukepleiar-yrket. Robert-Potet trengte litt kjærlig pleie, og han vart god..

Mika er ein lystig bror, her tar me oss eit spel.

Ut på tur, aldri sur.

Heime igjen etter ein tur på sjukehus, då var eg i form!

Friday, June 24, 2011

Fart og spenning

Peter og eg bader

Denne var me på tur i

Det var topp!

Eg koser med ein slange

Sjiraffen likte eg og godt
Då har eg reist frå Peru, og er på ferie i Florida. Her har eg kosa meg med litt av kvart. Eg har bada på stranda, i ein utrulig varm sjø, og uten dei store bølgene som eg er van med i Peru. Ein dag var me å såg på krokodillar og slangar, det var spennande. Me har vore i dyrehage, det eg likte best var apekattar. Eg såg på ein som hadde baby, og då måtte dei nesten bæra meg vekk når dei andre ville gå. Den var så søøte!
Noko anna som eg syntes var både løye og gøy, var å kjøra racerbåt.
I dag har me vore i SeaWorld og sett på delfinar og spekkhoggerar. Eg vart ganske fornærma når den spekkhoggaren skvetta vatn på meg, det var ikkje fint gjort.