Thursday, July 15, 2010

Sol og sommar


Mamma og eg på strandaKom i mine armer..
Fin utsikt ved frukostbordet
Dette blikket pleier å hjelpa viss pappa ikkje vil bera meg
Jippi
Bading er livet
Ska det vera eit krokodilleegg til frukost?

Sist veka var me på ein flott plass som heiter Zorritos. Det var ein plass heilt etter mitt hjerta. Fint basseng, god mat(dessert kvar dag) og god tumleplass.
Me var på båttur og såg på krokodillar og fuglar, dei andre prøvte å holda ein liten krokodille, men det såg eg ikkje heilt syn på.
For meg var det stora å få bada så mykje eg ville. Einaste gangen eg ikkje fekk bada var når me var med nokre sorpe-hol, då var eg litt sur, men plutselig gjekk det øve.

Friday, July 02, 2010

Kvardag

Eg trille ball med David

Det har vore mykje styr dei siste månadane, pakking, flytting, og utpakking. Men nå har me kome godt i gang i Arequipa. Eg har vore med Elise på skulen til det vart ferie der, og nå er eg med Mika i barnehagen. Om ettermiddagen er me som oftast ute i parken ein tur. I dag var eg hos frisøren og fekk klypt meg og satt opp håret. Eg sat og gliste i frisør-stolen, som egentlig ikkje var ein stol, men ein liten bil. Eg syntes eg vart så fin. Nå er eg klar for ei veka med badeferie. Kjem tilbake med rapport frå det seinare.

Eg har sett litt på fotball-VM, trur det var sånn dei gjorde..
Homm, det betyr kom i mine armer, det er deg som eg har kjær
Eg var fornøgd når eg hadde vore hos frisøren, og det hadde eg grunn til

Sunday, June 20, 2010

Eg har flytta

Ha det bra, Randi, eg sakne deg allerede...
Heldigvis har eg nokre brødre eg kan kosa meg med, når andre reiser
Avskjedsfrukost med 3xMulelid og Markus
Ein siste natta-kos til Andrea
Nutella er godt, uansett kva pappa seier

Nå har eg flytta frå Juliaca og ned ca 1400 meter, så nå bur eg bare 2400 m.o.h i ein by som heiter Arequipa. Det er ganske varmt og godt her, sjølv om det er vinter.
Sjølve flyttinga gjekk greit, eg er ikkje så nøye på kor eg bur, men eg liker å ha kjekke folk rundt meg. Det som er litt dumt akkurat nå, er at mange folk som eg har prøvt å bygga opp eit godt forhold til, reiser frå meg. Det liker eg ikkje.
Når folk reiser, treng eg noko å kosa meg med. For ei stund sidan reiste mamma og David på tur til Chile. Då fann eg ut at eg kunne trenga litt snadder, så eg fann Nutella-glaset og forsynte meg rikelig av det. Pappa var ikkje så begeistra, han snakka om at eg ikkje burde grapsa når eg var ny-bada. Men for meg er ikkje Nutella graps, snarare tvert imot.

Takk for alt kjekt me har funne på saman, Andrea, Sander, John Henrik, Randi og Robert(potet). Eg er glad dokke vart kjent med meg. Og så har eg lyst til å takka Birgitte som har vore veldig kjekk å trena med den siste tida eg budde i Juliaca. Dokke andre har eg ikkje vore så mykje saman med, men Ingrid har vore kjekk å leika med. Håper dokke får det fint i Norge. Plutselig kjem eg på besøk.



Thursday, May 20, 2010

17.mai


I år feira me 17.mai i Arequipa. Det var ein dag etter mitt hjerta. Me begynte med å kle oss opp, eg liker å gå i kjole! Så var det ein fantastisk frukost, og eg hadde opptil fleire skjever med brunost. Det smakte godt. Eg skulle egentlig vera duskedama i toget, men når toget skulle gå, fann eg ut at det gadd eg ikkje, så eg sto å såg på.
Etterkvart kom det ei dama med ei isvogn, så grilla me, snopa litt i kiosken, og før me gjekk heim var det eit stort kakebord.
Det høyres kanskje ut som om eg bare åt på 17.mai, men eg fekk og tid til å leika og spela bordtennis.

Monday, May 10, 2010

Ta vare på huden


Her ein morgon fann eg ei krukka med a-vitamin-krem. Eg tenkte at sidan eg bur ein plass med mykje sol og tørr luft, bør eg tenka på å bevara huden min fin. Så eg smurde tjukt på. Mamma syntes nok det vart litt vel tjukt, men alt for skjønnheten:)

Saturday, May 08, 2010

Potet


Eg er blitt ganske flink til å snakka i det sista. Eg hermer etter ord og navn, og klarer å gjera meg forstått på norsk, og glimter til på spansk og av og til. Når eg er ute i gata, så helser eg gjerne på tilfeldige folk på gata med eit klingande: HOLA. (Det betyr hei, for dei som ikkje er så støe i spansken).

Det er ein eg har gitt eit litt spesielt navn. Han heiter Robert, men eg synes han kler så godt det navnet eg har gitt han, det er Potet.

Pappa prøver å læra meg å sei Ro, og eg seier ”ro”, og så ”bert” og eg seier ”bert”-potet, med eit lurt smil om munnen.

Monday, May 03, 2010

Perfect syndrom


Eg fann ein utrulig bra artikkel om ein annan familie som har fått ei jenta med Downs syndrom. Ein av tinga som far til denne jenta skriv, er at det er litt dumt at han som fann ut kva Downs syndrom er, heite Down, litt negativt på ein måte. Han kunne jo heita Brown, eller Perfect:)
Les denne artikkelen.
Eg les ein del, men eg held meg helst til Utsyn, synes det er eit godt blad.

Sunday, April 25, 2010

Litt forskjellig


Sidan sist har det skjedd litt av kvart. Me har hatt kjekt besøk av tante Elin, onkel Endre, Gunnar og Magnus. Eg syntes det var spesielt stas med Magnus, eller ”bebe”, som eg kalla han. Dei kom mens me var i Arequipa for å vera på konferanse. Då var eg i barnehage eit par dagar, det var kjekt.

Så var me på tur med besøket vårt, både på Titicaca-sjøen og på Sillustani. Ellers er eg i jevnt godt humør, snakker meir og meir, og et skjeva med leverpostei.

Her kan de sjå nokre bilder av meg frå seinare tid.







Thursday, March 11, 2010

Vinterferie





I vinterferien var me på ferieplassen Miramar. Eg elsker vatn, og bada masse. Denne veka fann eg ut at eg sto botn i det stora bassenget, og det var kjekt å gå rundt utan badering eller armringar. Eg har sett litt på storebrødrene mine, og dei er like mykje under som over vatn. Eg bestemte meg for å begynna å dukka. Sjølv om mamma og pappa var litt bekymra når eg gjekk med hodet under vatn, så kom eg alltid opp for å trekka litt luft.
Eit av høgdepunkta denne ferien, var lørdagskos på Caprichio, for der har dei fantastiske kaker. Denne veka har eg lært meg ein ny setning, som eg seier med både ord og teikn, så ingen skal vera i tvil: Pappa kjøpa kaka!

Sunday, February 21, 2010

Svake bukser


Sist helg var me på tur til Puno. Eg hadde nye, fine klær på meg. Me var ein plass der det var mange steinar me kunne klatra på. Eg klatra opp, og rutsja ned. Før mamma hadde fått med seg kva som skjedde, hadde eg rutsja hål i ei splitter ny buksa(unnskyld bestemor)
Men me hadde ein fin tur, og me hadde med kaka og anna godt.
Nå er eg klar for ein tur til kysten, og der skal eg bada frå morgon til kveld.

Wednesday, February 10, 2010

Bursdagsfeiring

Eg fekk pakkar når eg vakna
Mika og eg lager middag
Eg er ikkje heilt sikker på kor hjerta er, men er det ikkje her ein plass

Nå har eg hatt bursdag, og eg hadde kjekt bursdagsselskap med alle dei norske som bur i Juliaca. Eg fekk teiknebøker, klistermerke og doktorsett. Og så hadde me brus og kaka.
Eg fekk og ein heil del klær av besteforeldrene mine, ein DVD av nokre venner og så fekk eg eit kjøkken av mamma og pappa. Det er kjekt med bursdag.

Tuesday, February 02, 2010

Eg fyller 5 år


I mårå fyller eg 5 år. I ettermiddag skal me feira med dei norske som bur her i Juliaca. Håper nokon vil senda meg ein gratulasjon.
(Vil du det så klikker du på kommentarer under innlegget, så skriv du det du vil skriva under "Skriv ein kommentar", så velger du ein identitet, f.eks "Navn, nettadresse" og skriv navnet ditt der. Klikk på publiser kommentaren din, så er det gjort.)

Monday, February 01, 2010

Fine bilder av meg

Elise og Erlend har lagt inn eit innlegg på bloggen sin der det er eit par fine bilder av meg. Sjekk denne linken.

Thursday, January 21, 2010

Det går rundt for meg



Eg elske å bada, her kan de sjå eit lite klipp om det. Advarsel: Du kan bli svimmel av denne videoen:)

Saturday, January 16, 2010

Nydelig sang

Er det noko eg liker, så er det sang og musikk. Far til ei jenta med Downs syndrom har skrive denne flotte sangen: sjekk denne linken.

Thursday, January 14, 2010

Godt Nytt År



Det begynner å bli ei stund sidan sist innlegg, skal prøva å skjerpa meg. Men eg har hatt ei kjempekjekk tid sidan sist. Me har vore i Ecuador å feira både jul og nyttår, og kosa oss med onkel, tante og søskenbarn.
Me fant på mykje kjekt, blant anna var me i ein park med nokre festlige dyr som heiter iguanar. Og så åt me mykje god mat.
Noko av det kjekkaste eg veit, er å bada, og me har bada mykje. Når me reiste heim frå Ecuador, tok me ei veka på ferieplassen, og dei siste dagane der, var eg mest metta av bading, det trur eg ikkje eg har opplevd før.
Ellers så er eg blitt ganske flink til å snakka, og eit av favoritt-orda mine nå for tida er "ittepå". Denne veka har Elise og eg begynt på an igjen etter ferien, og me har det kjekt saman, men eg må innrømma at eg er veldig svak for mannen til Elise og. Så når pappa seier at nå skal me gå til Elise, seier eg "Elend". Han er kul.