Friday, August 03, 2007

Eg er i Peru


Tru det eller ei, men nå er eg i Peru! Me reiste grytidlig på torsdags morgon. Først tok me eit fly til Amsterdam, og så tok me eit stort og flott fly frå Amsterdam til Lima. Der var det ein skjerm for kvart sete, og me kunne sjå film, spela spel eller høyra musikk. Eg såg litt film, men eg gadd ikkje så lenge om gangen. Så høyrde eg litt musikk, og då synes eg det er godt å bevega meg litt. Flymaten var litt variabel. Den første me fekk likte eg best. Det var pasta, med ein tomatsaus og ost. Den gjekk ned på høgkant. Etter det var det ikkje så mykje eg likte, men eg fekk smaka litt av pappa sin dessert, og det smakte godt. Eg er veldig glad i det som er søtt.

Det som er litt stress med å reisa til andre sida av kloden, er at klokka går i hytt og ver. Eg får ikkje sova når eg vil, og det blir eg litt forvirra av. I dag kvilte eg ein time, og det var mellom klokka 22 og 23 norsk tid. Og så la dei meg ikkje før klokka var langt på natt.

I dag har me vore i Lima. Me låg på hotell, og var på Mac Donalds og åt hamburger. Så var det ny flyreis, til Arequipa, som er Peru sin ant største by med ca 1 million menneske. Der var det ein heil gjeng som tok imot oss med norske flagg og fest på skulen. Kaka og is, var heilt etter min smak. Så reiste me til huset me skal bu den neste månaden og litt til. Eit kjempestort og fint hus.

Glede meg til å sjå meir av Peru.

1 comment:

Anonymous said...

Ja du e verkelig blitt ei verdensdama! Håbe at du får det kjekt i Peru. Du har jammen litt av ein jobb når du skal holda styr på alt dette nya pluss alle brødrene dine. Stå på Sol. Leif og eg e i Nairobi. Reise te Tanzania i mårå. Så e det jobb igjen te helgå. Me har det godt og skal be for deg og adle dine... Klem fra Thingbøs