Friday, April 27, 2007

Hermelek


Eg har oppdaga noko kjekt. Det er at av og til når eg gjer ein bevegelse, så er det nokon som hermer den. Og gjer dei det, då tar eg av. Då veifter eg litt med hendene, før eg slår dei i bakken, så er det kanskje hendene framfor ansiktet osv. I påska var eg på tur i Arboretet på Sviland, saman med bestemor, morfar, onkel Dag Petter, tante Renate, Thord og Rune. Og så min egen familie då(eg gidd ikkje nevna alle navna, for det er så mange!).

Me hadde med oss god mat, og kosa oss. Og så plutselig sat søskenbarn og søsken rundt meg og var med på hermeleken. Då var eg i form!

No comments: