Det vart jo utrulig festlig!
Sunday, May 04, 2008
Friday, May 02, 2008
Tv-slave
Eg har ganske god teknisk innsikt, så nå har eg funne ut korleis eg skruer på TV-en, og det gjer eg så snart eg får mulighet. Eg ser litt på forskjellig barne-tv, men det absolutt kjekkaste er musikkvideoar. Eg har ein Leithaug-video(den har eg vore litt hardhendt med, så den er litt hakkete. hint-hint), og så har eg Lisa Børud.
Ellers så har eg vore på tur til Cusco sidan sist, der har eg ei god veninna som heiter Lydia. Sjå eit koselig bilde av oss på denne sida.
Eg traff nokre alpaccar og på turen, dei var ganske festlige.
Saturday, April 12, 2008
Hopp og sprett
Hei. Nå var det lenge sidan eg har fortalt noko nytt frå Peru. Eg er her ennå, og har det godt. Nå både går og småjogger eg, og Mika og eg leiker ofte på trampolinen. Sist veka fekk me nett på den, så då føles det litt tryggare for dei som ser på våre krumspring.
Eg seier litt fleire ord, og er flink å bruka teikn til tale.
Sunday, March 09, 2008
Frå kysten
Ja, nå har eg vore eit par veker på kysten. Først saman med Elisabeth og alle skuleungane, og så med mamma og pappa og brødrene mine. Eg har kosa meg. Bading er heilt topp. Eg sto på kanten av bassenget, og når mamma eller pappa telde til tre, hoppa eg uti(sjå Elisabeth sin blogg, eg hoppa med hu og).
Ellers kosa eg med Lydia og Sara, nokre koselege danske piger.
Denne veka er eg i Arequipa på misjonærkonferanse.
Ellers kosa eg med Lydia og Sara, nokre koselege danske piger.
Denne veka er eg i Arequipa på misjonærkonferanse.
Monday, February 25, 2008
Gjett kor eg er nå??
Nå har eg reist frå høgfjellet, og er ein tur i varmen ved Stillehavet. Elisabeth og eg har blitt med den norske skulen på svømmeveka. Og ikkje nok med det, men etter svømmeveka kjem mamma og pappa ned til kysten, og då skal me ha ei veka ferie og. JIPPI!
Bildene er frå sist me var på kysten, men det har sikkert ikkje forandra seg så mykje:)
Tuesday, February 05, 2008
Feiring på stranda
Nå har eg blitt 3 år. På bursdagen min fekk eg mykje fint. Duplo-dokker, bamsar, dokker, badedrakt og sjokolade.
Me feira dagen min med utflukt til stranda. To fulle bilar køyrde ein time ut til Titicaca-sjøen. Der fann me ei fin strand. Nokre galningar bada, men eg heldt meg på land. Det var litt vind, så me søkte ly bak nokre haugar. Me hadde bål, pinnebrød med bacon og pølser. Etter maten var det litt leiking. Eg prøvte å gå litt i ulendt terreng, det gjekk ganske godt. Så var det boller, kaker og vafler på toppen. Me var ein heil gjeng. Alle som bur i Juliaca pluss fire som var i Juliaca på praksis og besøk. Pakkar, god mat og mange kjekke folk, då kan det ikkje bli bedre. Takk til
dokke som sende meg koselige helsingar til bursdagen min.
Thursday, January 31, 2008
Folk og dyr
Hei igjen. Sidan sist har eg vore med å feira Tor Egil sin 40-årsdag. Det var kjekt. Masse god mat og god stemning. På søndag var me på besøk på ein gard utforbi byen her. Der var det mange kjekke dyr. Det var ein kalv der, den syntes eg var kjempefin. Ellers så er eg skikkeig i gang med gåing for tida, det er inspirerande at Mika puster meg litt i nakken. Pappa har lagt inn ein videosnutt der eg spaserer på 7xhovda.blogspot.com
For dei som hadde gløymt det, så fyller eg 3 år på søndag. Legg inn helsing ved å trykka på comments under!
Eg klapper ein fin kalv
For dei som hadde gløymt det, så fyller eg 3 år på søndag. Legg inn helsing ved å trykka på comments under!
Tuesday, January 15, 2008
Sommarferie
Sunday, January 06, 2008
Møte heima
Hei. I dag var både Mika og Peter litt halvslakke, så me kom oss ikkje ut på møte i kyrkja. Men David og Peter syntes me skulle ha møte heima, så dei forberedte seg med dei nye biblane sine. Me sang ein del, og så leste dei frå Bibelen, og David leste eit stykke frå ein barnebibel og. Me sang ein av dei sangane som eg kan bevegelsane til og då var eg med. Vår Gud er så stor....
Nå reiser me til kysten, og eg skal bada å kosa meg. Det er topp.
Sunday, December 30, 2007
Godt Nytt År.
Eg har bare lyst å helsa dokke som er inne å ser på bloggen min, og ønska dokke alle eit rektig godt nyttår. Eg skal feira nyttår i Lima! Me må dit for å ordna nokre papirer, så då feirer me like godt Nyttår i byen som har dobbelt så mange innbyggerar som Norge!
I går var me ute å åt kylling, og då tok pappa dette bildet av meg og storebrødrene mine. Nokre passer bare til å vera midtpunkt!
Sunday, December 23, 2007
God Jul
Monday, December 10, 2007
Litt av kvart frå meg
33222w23|1
Det første her har eg skrive heilt sjøl, utan hjelp!
For eit par veker sidan var eg på tur til Tacna heilt sør i Peru, og ein liten tur inn i Chile. Me måtte ut av landet for å ordna med visum til meg og brødrene mine. Det var varmt og godt der nede i låglandet.
Mika hadde på seg ei ganske kul hua, og han satt rett framfor meg i dobbeltvogna. Du kan sikkert tenka deg kva som skjedde.
Eg traff og nokre kjekke folk i Tacna. Han som eg herjer med på bildet heiter Osvaldo og kjenner mamma og pappa frå tida dei budde i Tacna. Festlig type!
Monday, November 26, 2007
Bordtale
Som den gode lutheraner eg er, har eg begynt å holda bordtalar. Når eg er mett og glad, reiser eg meg på stolen, og seier min hjertens meining.
Saturday, November 24, 2007
Det var godt
Hei igjen. eg har vore litt halvsjuk ei stund, men nå har eg blitt god igjen. Eg synes det er kjekt å vera ute å leika. I dag leika eg i sandkassen saman med Silas, Peter og Mika. På bildet har eg ikkje kome heilt i gang med leikinga, for eg fekk eit stykke paneton(peruansk julebrød). Her gjer eg teiknet for godt, for dette var snadder.
På søndag hadde me besøk av eit par frå Norge, og dei hadde med norsk grovbrød og Nugatti! Eg hadde ikkje hatt så veldig matlyst før det, sidan eg ikkje var heilt i form. Men då tok eg 3 skjever på strak arm.
Saturday, November 10, 2007
Friday, November 02, 2007
Thursday, October 25, 2007
Baking
Wednesday, October 17, 2007
Eg er i boks
Sunday, October 14, 2007
Endelig CD-spelar i hus
Pappa har vore ute og handla CD-spelar. Det er spesielt Silas og eg som gleder oss over den. Og når eg høyrer ein fin sang, slit eg med å sitja i ro å høyra. Trykk på play og sjå sjøl!
Tuesday, October 09, 2007
Eget rom på skulen
Subscribe to:
Posts (Atom)

