Tuesday, February 05, 2008

Feiring på stranda





Nå har eg blitt 3 år. På bursdagen min fekk eg mykje fint. Duplo-dokker, bamsar, dokker, badedrakt og sjokolade.

Me feira dagen min med utflukt til stranda. To fulle bilar køyrde ein time ut til Titicaca-sjøen. Der fann me ei fin strand. Nokre galningar bada, men eg heldt meg på land. Det var litt vind, så me søkte ly bak nokre haugar. Me hadde bål, pinnebrød med bacon og pølser. Etter maten var det litt leiking. Eg prøvte å gå litt i ulendt terreng, det gjekk ganske godt. Så var det boller, kaker og vafler på toppen. Me var ein heil gjeng. Alle som bur i Juliaca pluss fire som var i Juliaca på praksis og besøk. Pakkar, god mat og mange kjekke folk, då kan det ikkje bli bedre. Takk til
dokke som sende meg koselige helsingar til bursdagen min.

1 comment:

Anonymous said...

Kunne godt ha tengt meg å bada i Titikaka sjøen, ser lit kaldt ut då. Gratulera me dagen Silveig, litt på etterskud då, men men.