Friday, March 09, 2007

Eg skal til Peru

Veit dokke ka? Eg skal reisa til Peru og bu der i tre år. Det blir sikkert kjekt, sjølv om eg ikkje heilt klarer å sjå det for meg ennå. Det spørs om eg ikkje må læra meg å ta ein spansk ein og då.


Mamma og pappa har vore i Peru før, så det går sikkert bra. Denne veka var eg hos lensmannen på Varhaug og bestilte pass, så nå er eg snart klar til å reisa. Me reiser 2.august kl. 06.50, eg får ikkje akkurat sova frampå den dagen! Det er ei jenta som heiter Elisabeth som skal vera med oss og ta seg spesielt av meg. Det høyres betryggande ut. Her kan du lesa om hu: http://elisabethsteinsland.blogspot.com/


Her skal dokke få sjå flagget til Peru, og eit kart over landet. Det er ikkje heilt bestemt kor me skal bu, men det blir i Sør-Peru.
Vil dokke lesa litt om Peru på norsk, kan dokke sjå på denne sida: http://nlm.no/index.php?pid=150 Til høgre er det linkar til fleire heimesider og bloggar frå Peru.

1 comment:

Anonymous said...

Well written article.