Sunday, June 15, 2008

Elisabeth reiser snart!


Nå har Elisabeth og eg hatt vår siste dag i Juliaca. Hu har vore veldig kjekk og flink, og ikkje minst tålmodig med meg. Det hender av og til at eg ikkje gidde å trena, men Elisabeth har avleda meg så eg ikkje visste at eg trente før eg hadde trent.
Elisabeth prøvte å fortella meg ein dag at nå skulle hu snart reisa frå meg, men då viste eg tydelig at dette ville eg ikkje høyra snakk om. Det er flaut å sei, men eg slapp opp for argumenter og måtte ty til vold!
Men hu reiser visst likevel.
Tusen takk for dette året, Elisabeth!

1 comment:

Elisabeth said...

Hei Solveig!
Det var visst altfor lenge sidan eg hadde våre inne på bloggen din, for dette innlegget hadde eg ikkje sett!
Det var trist å reisa i frå deg, for eg har hatt det veldig kjekt med deg dette året. Du må legga ut masse bilder av deg sjøl på bloggen, så eg får sjå kor stor du blir :)
Håper du har det bra.
Klem frå Elisabeth