Friday, October 13, 2006

Downs syndrom?


Kva er egentlig Downs syndrom? Eg synes ei anna som har Downs sa det så bra: "Eg mangler ingenting, men eg har litt for mykje." Det vil sei eit kromosom for mykje.
Etter at Solveig vart fødd, var me utrulig interessert i info om Downs syndrom. Kva inneber det? Korleis blir livet for oss og for hu?
Ein plass me fann mykje god info, er ei nettide som heiter Marihøna. Er du interessert i mykje god info om Downs syndrom, så ta ein titt på den: http://www.marihona.com/

Me fekk tilbud om fysioterapi berre nokre veker etter at Solveig vart fødd. PPT i kommunene ga oss og litt info ganske tidlig. Det som me begynte med ganske fort, var å massera heile kroppen til Solveig ein gang kvar dag. Dette var for å stimulera musklene hennas. Ein av dei tinga som er typisk for dei som har Downs syndrom, er at dei har slappare musklar. Derfor treng dei stimulering av musklane.

Me begynte og med noko som heiter Karlstadmodellen, som er noko som kjem frå Sverige, og er eit treningsopplegg for å hjelpa til med språktrening. http://www.karlstadmodellen.se/

Eit barn som har Downs syndrom, lærer ting seinare. Derfor må me berre ta tida til hjelp, og la våre søte små få læra ting i sitt eget tempo.

Å ha eit barn med Downs syndrom er langt i frå verdens undergang. Sjølv om det er eit sjokk, og fører med seg mange tankar og bekymringar med ein gang, så har det iallefall vore ein stor rikdom for oss å få Solveig.

Brith-Jorunn skreiv ein sang etter at me hadde fått Solveig og der står det i koret:
Eg trudde det va ei tunge bør,
ein stein som låg i vår vei,
men eg blir aldri meir som før,
så rikt velsigna eg blei.
Ein skatt låg gjømt i mørke for meg,
sendt ifrå himlen,
sendt av kjærlighet frå deg.

1 comment:

heidi said...

en nydelig jente,barna er en glede,.jeg fikk en liten guttapril 2010,han fikk da navnet Gabriel.