Wednesday, October 11, 2006

Då eg kom



Mamma og pappa venta sitt 4. barn. Etter fødselen var over hadde dei tenkt å reisa til Peru i Sør-Amerika, og bu å arbeida som misjonærar der nokre år. Det vart ikkje heilt slik dei hadde tenkt! Det var ein overraskelse at eg hadde Downs syndrom, og dei vart ikkje så lite forvirra av det i begynnelsen. Eg trur det var ganske kaotisk inni hodene deiras ei stund. Men dei roa seg fort når dei såg på meg. Då forsto dei at sjølv om alle planane dei hadde vart forandra, så var det viktigaste at dei hadde fått ei deilig jenta. Så måtte dei tenka ein del på kva det betydde at eg hadde Downs syndrom, og på korleis dei skulle sørga for at eg hadde det best mulig.
Eg har 3 storebrødre, og dei syntes det var stor stas med ei søster. På bildet kan de sjå korleis dei beundrer og studerer meg. Dei hadde gleda seg veldig til å reisa til Peru, så det var trist når det vart lagt på is. Men når pappa sa at me skulle kjøpa trampoline og ny bil, såg dei ganske lyst på livet likevel.

No comments: