Wednesday, December 06, 2006

Tegn til tale




Sidan nokre trur eg kjem til å ha litt problem med å læra meg å snakka, så har dei bestemt at eg skal læra noko som heiter ”tegn til tale”. Mamma og pappa, besteforeldre, nokre tanter og hu som er med meg i barnehagen(+ andre på avdelinga) har vore på kurs.

Eg lærte meg tidlig det viktigaste teiknet for å overleva. Det er ”eta”. Då tar eg bare hånda opp til munnen, så får eg mat. Noko som av og til er litt irriterande, er at eg ikkje alltid får så mykje som eg vil ha. Når eg har ete to skjever til frukost, bestemmer dei at eg er mett. Og det er eg kanskje og, men eg hadde klart litt til. Spesielt viss det er laurdag, for då hender det eg får Nugatti, og det er snadder!

Eit anna teikn som eg har lært meg er ”bra”. Då gjer eg motsatt av å eta. Då tar eg hånda frå munnen og utover.

Har du lyst til å læra nokre teikn, kan du kikka på denne sida:http://www.acm.no/TegnViserFlash/video_player.html

No comments: