Dei av dokke som følger litt med i kva som skjer i NLM, veit at me nylig har fått ein ny sjef i organisasjonen. Han heiter Øyvind Åsland og var på besøk hos oss når me budde i Juliaca. Eg tenker at det er viktig å ha gode kontakter, og eg synes me fekk ein god dialog. Han som var sjef før Øyvind, heiter Ola Tulluan. Han synes eg og at eg fekk eit nært og godt forhold til. Det kan vera ein fordel å kjenna toppane av og til, og det har eg tenkt å utnytta så godt eg kan.
Ellers så ha me fått besøk frå Norge, og dei hadde med mykje fint og godt til meg. I kveld hadde eg ein del skiver med brunost, men eg vart litt irritert når David og Peter og skulle eta av min brunost.
2 comments:
Så godt at du har fått god kontakt med sjefen! Han er ein bra kar!!! Og det er jo du åg! Så det passa godt!
Eg syns sjefane e heldige som kjenne deg, Solveig! :-)
Post a Comment