Monday, December 29, 2008

Godt Nytt År



Då er dette året snart over, og det er på tide med eit siste innlegg frå meg. Eg har feira jul saman med familien og Besten og Bestå, og det var kjekt. Eg var ikkje overbegeistra for pinnakjøtet, men desserten og brusen kosa eg meg med.
Me gjekk rundt julatreet og sang julesangar, då kosa eg meg skikkelig. Og så kom det masse pakkar under julatreet. Det var spennande å pakka opp pakkane eg fekk, og eg fekk masse fint. Mykje klær, og ei fin dukka blant anna.

I kveld kom Veronika og familien tilbake frå Chile, og det var kjekt å sjå dei igjen. Me skal feira nyttår saman med alle som er her i Juliaca, og så går turen til ferieplassen. Det skal bli kjekt å bada og kosa seg!

Her er eg på basar på vesle julafta, eg gleder meg til eg skal begynna sangkarrieren min!


Eg har lyst å helsa alle dokke som er inne å ser på bloggen min, og ønska dokke eit Godt Nytt År.