Sunday, September 27, 2009

Trampolinesveis



Eg synes det er kjekt å hoppa på trampolinen, og då synes eg at håret blir så luftig og godt og. Ein dag eg var på trampolinen, tok eg av meg brillene for å testa kor mykje dei tålte, dei tålte ikkje så mykje...
Sist søndag var me på ein plass der me kunne ri, og eg fekk vera med Peter ein runde. Det var kjekt.
Eg er veldig glad i sang og musikk, og storkoser meg når nokon vil synga med meg. Favoritten nå er: Alle, alle, vil vi ha med

Saturday, September 12, 2009

Eg e med i klubben


Det er noko eg er veldig kry for, det er at eg er blitt stor jenta. Det betyr at eg får gå til Randi på klubb saman med Silas og Andrea. Der finn me på mykje kjekt. Denne veka baka me boller, og så åt me boller. Begge deler slo godt an hos meg.
Ellers så må eg vel innrømma at eg er litt TV-slave, og eit av favorittorda mine er "bilm", og når eg gjer teiknet i tillegg, er ingen i tvil om kva eg vil. Eg har blitt ganske flink til å finna fram filmar og få dei inn i DVD-spelaren og.