Monday, February 12, 2007

Sjå på desse blinkskudda av meg!

Bursdag og sjukehus



JIPPI! Eg har blitt 2 år!

Då har eg passert 2 år. Det føles godt nå, men eg var ikkje heilt i form på toårsdagen. Eg begynte å få lungebetennelse, og vart lagt inn på sjukehus kvelden etterpå.

Eg fekk masse flott til bursdagen. Leker og klede, ei flott dokke m.m. Me feira dagen hos bestå og besten, og det var ganske mange som var med og feira meg.

På vei heim på søndag kveld køyrde me innom sjukehuset, og dei la meg inn med lungebetennelse. Dei stakk meg mange ganger før dei traff ei blodåra til veneflon. Det gjorde meg ganske allergisk mot folk i kvite kler i mange dagar!


På onsdag reiste eg til Oslo ein tur. Rikshospitalet hadde høyrt rykter om hjerta mitt, og ville gjerne sjå på det. Dei fann ut at holet i hjerta ikkje var så stort som me hadde trudd, og at eg ikkje treng å tenka på å tetta det igjen. Overlegen sa at dette trengte eg ikkje kalla for ein hjertefeil, men ein skjønnhetsfeil. Den likte eg!

Nå har eg kome heim igjen, og det er godt.