Sunday, December 30, 2007

Godt Nytt År.


Eg har bare lyst å helsa dokke som er inne å ser på bloggen min, og ønska dokke alle eit rektig godt nyttår. Eg skal feira nyttår i Lima! Me må dit for å ordna nokre papirer, så då feirer me like godt Nyttår i byen som har dobbelt så mange innbyggerar som Norge!

I går var me ute å åt kylling, og då tok pappa dette bildet av meg og storebrødrene mine. Nokre passer bare til å vera midtpunkt!

Sunday, December 23, 2007

God Jul


Då har eg bare lyst å ønska alle god jul. Eg var med på juleavslutning på skulen denne veka, og då gjekk me rundt juletreet, det var stas. Satser på det blir meir av det i dag.

Monday, December 10, 2007

Litt av kvart frå meg




33222w23|1

Det første her har eg skrive heilt sjøl, utan hjelp!

For eit par veker sidan var eg på tur til Tacna heilt sør i Peru, og ein liten tur inn i Chile. Me måtte ut av landet for å ordna med visum til meg og brødrene mine. Det var varmt og godt der nede i låglandet.

Mika hadde på seg ei ganske kul hua, og han satt rett framfor meg i dobbeltvogna. Du kan sikkert tenka deg kva som skjedde.

Eg traff og nokre kjekke folk i Tacna. Han som eg herjer med på bildet heiter Osvaldo og kjenner mamma og pappa frå tida dei budde i Tacna. Festlig type!