Saturday, February 11, 2012

Bursdagsfeiring

 
Tidå går, og sidan sist har eg faktisk blitt 7 år. Eg synes egentlig at det burde feirast med 7 selskap, men det vart ikkje fleire enn 3. Selskap er ein fin oppfinnelse, og skal det kallast selskap, må det inneholda kaka, is og brus.
Me har hatt ein del snø dei siste vekene, og det synes eg er kjekt. Eg har funne opp nokre kjekke reglar for snøballkrig. Dei er slik at eg lager ein snøball, så må pappa bøya seg ned, og han har ikkje lov å halda hendene framfor ansiktet, så hive eg snøballen rett i fjeset hans. Det er løye.
Eg er veldig glad i babyar, og nå har eg fått eit nytt søskenbarn som heiter Luka, uten s. Han har eg tenkt å gi ein del kjærlighet framover. Han e så sjønne.
Nå e det snart vinteferie, og då får eg besøk av Katrine og Rune, det glede eg meg masse til. Og så har eg tenkt å læra meg å stå på ski. Litt usikker på om eg skal læra meg klassisk eller skøyting først, men det får eg ta etter kvart.

Koselig ver på bursdagen min

Eg fekk dukkevogn!

Kake er tingen, eg blåste lett ut lysa

Eit selskap feira eg saman med Adam(rødrutet skjorte)

Her er det jentene i klassen min som er i selskap. Gøy