Thursday, January 31, 2008

Folk og dyr

Marianne og eg i Tor Egil sin bursdag

Hei igjen. Sidan sist har eg vore med å feira Tor Egil sin 40-årsdag. Det var kjekt. Masse god mat og god stemning. På søndag var me på besøk på ein gard utforbi byen her. Der var det mange kjekke dyr. Det var ein kalv der, den syntes eg var kjempefin. Ellers så er eg skikkeig i gang med gåing for tida, det er inspirerande at Mika puster meg litt i nakken. Pappa har lagt inn ein videosnutt der eg spaserer på 7xhovda.blogspot.com
For dei som hadde gløymt det, så fyller eg 3 år på søndag. Legg inn helsing ved å trykka på comments under!
Eg klapper ein fin kalv

Tuesday, January 15, 2008

Sommarferie

Nå har eg hatt ei god veka. Me har vore på ferie i Mejia ved kysten, og eg har bada og kosa meg i varmen. Eg bada både i eit lite barnebasseng og i det store bassenget. Eg er som fisken i vatnet. Det einaste som er litt kjedelig er når eg må opp.


Sunday, January 06, 2008

Møte heima



Hei. I dag var både Mika og Peter litt halvslakke, så me kom oss ikkje ut på møte i kyrkja. Men David og Peter syntes me skulle ha møte heima, så dei forberedte seg med dei nye biblane sine. Me sang ein del, og så leste dei frå Bibelen, og David leste eit stykke frå ein barnebibel og. Me sang ein av dei sangane som eg kan bevegelsane til og då var eg med. Vår Gud er så stor....

Nå reiser me til kysten, og eg skal bada å kosa meg. Det er topp.