Handler om ei deilig jenta med Downs syndrom.
Folket til bror min (Olav 1973-1975)Foket til bror min eit minne frå Eden/frå tida før uskuld vart vrengt til kalkyler/til iskald berekning av vinning og taptil risikomåling før kjærleik og sinne/ei lynrask berekning bak steinsette andlet/eit fag vi studerer frå sandkassa avI eit kromosom er eit fall frå det nære/ei skade på sinnet ved flukta frå Eden/men Guds ironi er at VI er dei falneHugs dei har enno eit islett av Eden/Hugs dei ber enno Guds visdom og dårskap/frå hjarte til hjerne ein enklare vegEi sannara blanding av sorga og gleda/eit tynnare filter for tillit og tiltru/for desse blir verda "det vanskelige sted"Ope er døra frå undring til handling/frå kjærleik til kjærteikn for den som har tillit/og i denne handlinga ropar vår Far - ropar til Adam som alltid har gøymt seg/og gjort sine anslag dei kalde kalkyler/I folket til bror min er alt vi har taptNår Adam har spegla seg i desse minste/når visdom blir dårskap og dårskap blir visdom/kan Adam stå fram som eit menneske att(Hans Johan Sagrusten)
Note: Only a member of this blog may post a comment.
Folket til bror min
ReplyDelete(Olav 1973-1975)
Foket til bror min eit minne frå Eden/frå tida før uskuld vart vrengt til kalkyler/til iskald berekning av vinning og tap
til risikomåling før kjærleik og sinne/ei lynrask berekning bak steinsette andlet/eit fag vi studerer frå sandkassa av
I eit kromosom er eit fall frå det nære/ei skade på sinnet ved flukta frå Eden/men Guds ironi er at VI er dei falne
Hugs dei har enno eit islett av Eden/Hugs dei ber enno Guds visdom og dårskap/frå hjarte til hjerne ein enklare veg
Ei sannara blanding av sorga og gleda/eit tynnare filter for tillit og tiltru/for desse blir verda "det vanskelige sted"
Ope er døra frå undring til handling/frå kjærleik til kjærteikn for den som har tillit/og i denne handlinga ropar vår Far -
ropar til Adam som alltid har gøymt seg/og gjort sine anslag dei kalde kalkyler/I folket til bror min er alt vi har tapt
Når Adam har spegla seg i desse minste/når visdom blir dårskap og dårskap blir visdom/kan Adam stå fram som eit menneske att
(Hans Johan Sagrusten)